Bypakkar

Ein bypakke består av fleire samferdsels- og bymiljøtiltak i og rundt byane.

Målet med bypakkane er at at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at talet på bilreiser skal ned. Samtidig skal dei ta i vare framkomsten for næringstransport.

Bypakkane vert  finansiert av eit spleiselag mellom stat, kommunar, fylkeskommune og brukarar.

Med bypakkar får vi moglegheit til å:

  • legge til rette for god framkomst for mjuke trafikantar, kollektivtransport og næringstransport
  • modernisere og tilpasse kollektivtilbodet
  • auke trafikktrygging og betre trafikkavviklinga
  • betre miljøet og redusere utslepp

Det er viktig å sjå desse tiltaka i samanheng, derfor er bypakkar eit eigna verkemiddel.

Bypakke Ålesund blei vedtatt i Fylkestinget og i bystyret i Ålesund i juni 2019. Bypakka skal også behandlast i Stortinget. Planlagt start er i løpet av 2021.

Det blir også jobba med bypakkar i Molde og Kristiansund.

Snarvegar

Kontakt