Folkehelse

Hos oss kan du få rettleiing, søke om støtte og delta i partnarskap om folkehelse.

Sidan 2003 har Møre og Romsdal fylkeskommune inngått partnarskap med alle kommunane i fylket for å utvikle eit langsiktig folkehelsearbeid. Kommunane forpliktar seg til å ha tilsett folkehelsekoordinator i minimum 50 prosent stilling og arbeide med folkehelse i heile kommuneorganisasjonen. 

 Satsingsområda er til God helse er:

  • Ernæring
  • Fysisk aktivitet
  • Psykisk helse
  • Rusførebygging,
  • Tobakksførebygging
  • Førebygging av sosiale skilnader i helse

Vår oppgåve er å legge til rette for og stimulere til fysisk aktivitet.

Hos oss kan du få:

  • Hjelp til å søke om spelemidlar til idrettsanlegg og friluftsliv. Her kan du søke
  • Kurs og fordrag om fysisk aktivitet
  • Rådgiving om uteområder for skular, barnehagar, idretts og friluftslivsanlegg
  • Rådgiving om oppstart og drift av Aktiv på dagtid og andre lågterskeltilbod
  • Økonomisk støtte til tiltak innan fysisk aktivitet og friluftsliv

Målet for det rusmiddelførebyggande arbeidet vårt er at ingen skal ta skade av eigne eller andre sine rusmiddelvanar.   Ei gruppe av representantar frå fylkeskommunen, Fylkesmannen, frivillige organisasjonar, Kommunenes Sentralforbund (KS) og Kompetansesenter rus – Midt-Norge (KoRus) leier arbeidet med rusmiddelførebygging. Gruppa har også fast representasjon frå politi og skjenkebransje. Ho gir innspel til planar om rusmiddelførebygging.
 

Arbeidsgruppe 2016 - 2019:

  • Line Hatmosø Hoem, fylkespolitikar, leiar
  • Monica Molvær, fylkespolitikar
  • Sidsel Pauline Rykhus, Kommunenes Sentralforbund (KS)
  • Rita Valkvæ, Kompetansesenter rus Midt-Norge (KoRus)
  • Eivind Hasle, frivillige organisasjonar, ACTIS
  • Anne Mette Nerbøberg, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Ingeborg Forseth, koordinator for ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune (permisjon)
  • Berit Brudeset, fylkeskommunen, utdanningsavdelinga
  • Therese Thue Hvattum, fylkeskommunen, kulturavdelinga

Snarvegar