Friluftsliv

Arbeider du med friluftsliv? Hos oss kan du få

  • rettleing og råd
  • tilskot til frilluftstiltak
  • innspel til kommunal planar om friluftsliv.

Vi samarbeider med kommunane om å utvikle friluftslivet i fylket.

For at flest mogleg skal ha glede og nytte av friluftslivet, treng vi ulike typar friluftslivsareal, som er tilrettelagt i ulik grad.

Då er det viktig med god arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

For å avklare kva for areal som skal inkluderast i kommunen si arealplan, må kommunane kartlegge og verdsette friluftslivsområde og utarbeide ulike temaplanar.

I samarbeid med Miljødirektoratet jobbar vi med å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av turstiar i kommunane. Dette gjer vi med å legge til rette for erfaringsdeling, kompetansenettverk og stimuleringsmidlar.

Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søke Miljødirektoratet om økonomisk støtte til å sikre seg råderett over friluftslivsområde eller ferdselsårer gjennom kjøp eller bruksavtale. På denne måten kan prioriterte friluftsområde få eit særleg og langsiktig vern.

Send søknaden til fylkeskommunen. Vi videresender ei anbefaling til Miljødirektoratet om kven som bør få økonomisk støtte.

Direktoratet prioriterer støtte til desse friluftsområda:

  • område som kjem store folkegrupper til gode, nærområde og turvegar/stiar i byar og tettstader har høgast prioritet
  • landfaste område ved sjøen
  • område som vil bli intensivt brukt og som treng tilrettelegging for å kunne brukast til friluftslivsformål
  • område som er behandla og prioriterte i kommunal planprosess etter plan- og bygningslova (t.d. kommuneplan, kommunedelplan for fysisk aktivitet eller reguleringsplan)

Nærare rettleiing om ordninga er å finne på Miljødirektoratet sine nettsider.

Naturbase (Miljødirektoratet)

Skjergardstenesta skal legge til rette for friluftsliv ved sjøen gjennom drift, skjøtsel og forvaltning av offentleg eigde friluftslivsområde i og ved sjø. Marin forsøpling, haldningsskapande arbeid, og mobilisering av og hjelp til frivillige, er også ein del av arbeidsoppgåvene.

Skjergardstenesta gjeld i medlemskommunane til dei to friluftsråda i fylket.

Den blir finansiert av Miljødirektoratet, Sunnmøre Friluftsråd og Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter forvaltningsreforma i 2010 har fylkeskommunen ei oppgåve som talsmann og vaktmann for allemannsretten. Mellom anna ved å informere om, og ivareta allmenta sine interesser gjennom handsaming av saker etter plan- og bygningslova.

Les mer om allemannsretten her

I samarbeid med kommunane og frivillige turentusiastar har vi etablert nettsida morotur.no. Nettsida presenterer eit variert utval av turar for skitur, sykkel, paddling og fottur. Besøk nettsida eller last ned mobilapp på Appstore eller Google play. Morotur leverer også turskildringar til turkassetrimmen StikkUT!

Vi ønsker å stimulere kommunar og frivillige organisasjonar til å legge til rette for meir fysisk aktivitet gjennom friluftsliv. Som eit ledd i dette prioriterer vi friluftslivsanlegg høgt i behandlinga av spelemidlar.

Helseløyper er friluftslivsanlegg som legg til rette for at folk flest kan drive med fysisk aktivitet og friluftsliv. Dette er turløyper i grøntareal som ligg i nærleiken av bustadsområde. Hovedtraseen skal ha eit fast og jamt underlag der stigningane ikkje er brattare en 1:12 (helst 1:20). Lys og ledeliner, samt god skilting vil gjere at brukarane vil føle seg trygge. Erfaring viser at god tilrettelegging for flest mogleg, gir auka bruk både for funksjonsfriske og folk med funksjonsnedsettingar. Helseløypene blir derfor prioritert i tildelinga av spelemidlar.

I tillegg til at friluftslivsanlegg, og spesielt helseløyper vert prioritert i sjølve fordelinga, legg også føresegnene til rette for at 50 % av kostnadane med slike anlegg kan finansierast av spelemidlar. Dugnad, kommunale midlar, gåver frå næringslivet og liknande kan brukast for å fullfinansiere prosjektet.

Du finn krava til kva som må og bør vere med i ei helseløype lista opp under. Ein må ikkje fylle alle krava til ei helseløype første gong ein søker midlar til eit slikt anlegg. Men om ein viser til ein plan og ei retning for korleis ein har tenkt å utvikle anlegget i tråd med krava, vil det vere ei styrke for søknaden.

Ei helseløype MÅ:

  • ha gode høve for parkering og minimum ein HC-plass
  • skilting i tråd med nasjonal mal
  • minimumsbreidde på 150 m med godt underlag for barnevogn/rullestol
  • liten stigningsgrad max (1:12)
  • nummererte benkar (bør ikkje vere meir enn 100 m mellom kvar benk)
  • vere i estetisk gode omgivnader
  • ledelinjer i form av kontrast mellom veg og omgivnader
  • tilgjengelig toalett (hc)
  • vere registrert på morotur.no
  • ha lys
  • vere brøyta og strødd om vinteren

Ei helseløype BØR:

  • vere rundløype (0,5-2 km)
  • ha kollektivsamband
  • vere i nærleiken av bustadområde
  • stigning mindre enn 1:20
  • ha fleire turalternativ på ulike nivå
  • ha element som gjer turopplevingane rikere

Sjå dokument for korleis du kan utvikle ei slik løype.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt