Drift, salting og brøyting

Kven har ansvaret?

Fylkeskommunen har ansvar for å brøyte, salte og strø på fylkesvegar. Statens vegvesen har ansvaret for europa- og riksvegar, mens den enkelte kommunen har ansvar for dei kommunale vegane.

Det er private entreprenørar som utfører brøytinga og strøinga etter ein landsdekkande standard. Det blir utført jamlege kontrollar av arbeidet.

Når blir det brøyta og strødd?

Når og kor ofte ein veg skal brøytast og strøast er avhengig av syklustider, kor mykje trafikk vegen har og kva vinterdriftsklasse den tilhøyrer. Dei viktigaste vegane blir prioritert først.

Standarden for vinterdrift er beskrive i Vegvesenet si handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger. Denne standarden gjeld også for fylkesvegar.

Syklustider og tidsfristar

Brøyting og strøing skjer innanfor bestemte syklustider og tidsfristar. Syklustid er den tida det tar mellom kvar gong eit bestemt punkt på vegen blir brøyta og/eller strødd, og kan variere frå 1,5 til 4 timar.

I enkelte situasjonar kan entreprenørane ha problem med å gjennomføre arbeidet. Brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på værprognosar, og når desse slår feil, kan det ta lenger tid før arbeidet kjem i gang. For eksempel når det er vedvarande snøfall eller etter at det har blitt glatt.

Trafikkavhengig

Tidspunkt for brøyting og strøing er også avhengig av kor mykje trafikk det er på vegen. Så fort føret avvik frå godkjente føreforhold, må entreprenøren starte med å brøyte, salte eller strø. 

Vegane er delt inn i ulike vinterdriftsklassar

Vegane i Noreg er delt inn i vinterdriftsklassar. Vinterdriftsklassane definerer kva standard dei ulike vegane skal ha om vinteren, og kor ofte dei skal brøytast og strøast. Vinterdrifta av riks- og fylkesvegar er delt inn i fem klassar, A-E.

  • Vinterdriftsklasse A og BDei mest trafikkerte vegane er dei som først blir brøyta og strødd. Desse vegane er delt inn i klasse A og B, og skal som hovudregel vere fri for is og snø. For vegar i klasse B er det tillatt med snø utanom hjulspora ei tid etter at det har slutta å snø.
  • Vinterdriftsklasse C, D og EMindre trafikkerte vegar og vegar i område med stabilt kalde vintrar delt inn i tre klassar (C, D og E). I periodar med lite nedbør, rim på vegane og ved temperaturar rundt null grader, skal vegbanen i klasse C vere fri for is og snø. I klassane D og E blir det brukt salt kun unntaksvis. I kalde periodar kan vegbanen i klassane C, D og E ha eit hardt og jamnt snø- og isdekke med maksimum to-tre cm laus snø.

Brøyting på gang- og sykkelvegar

På gang- og sykkelvegar skal det ikkje gå meir enn to-tre timar mellom kvar brøyting i perioden mellom kl. 06.00 og 23.00. Når det ikkje snør, skal det vere maksimalt éin cm laus snø.

Salting

Hvis det blir varsla om ver som ikkje gir godkjente føreforhold, kan det vere aktuelt å salte vegane i forkant. Dette gjeld på vegar der det er lov å salte.

Saltet bryt ned strukturen i snøen slik at den ikke festar seg til vegbanen, dermed kan den brøytast bort. Salt verkar best på vegar med stor trafikk.

Salt skal ikke brukast til å tine snø og is, bortsett frå å fjerne rim og tynne ishinner i vegbanen. Ved lågare temperaturar, er det berre tillate å bruke salt i spesielle tilfelle.