Korleis søke om fråvik frå vegnormalane

Møre og Romsdal fylkeskommune har mynde til å fråvike krava på fylkesvegar i desse vegnormalane:

  • N100 Veg og gateutforming
  • N101 Rekkverk og sideterreng
  • N200 Vegbygging
  • N500 Vegtunnelar
  • N601 Elektriske anlegg

Dei andre normalane er det Statens vegvesen som har mynde til å fråvike, også på fylkesvegar.

Informasjon om vegnormalane ligg på Statens vegvesen sine nettsider. Inntil vidare nyttast Statens vegvesen sitt søknadsskjema til fråvik også på fylkesvegar. Send søknaden til post@mrfylke.no