Integrering

Fylkeskommunen har teke over ein del av dei regionale integreringsoppgåvene som før låg til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Desse oppgåvene er overført:

  • Kapasitetsstyring på busetting:  Fylkeskommunen har ansvar for å tilrå til IMDi kva kommunar som bør busette flyktningar, samt kor mange kommunane skal busette.  Flyktningane skal busettast i område der dei kan kome i arbeid og få tilbod om nødvendig utdanning og kompetanseheving.
  • Førebygging av negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønslemlesting gjennom å bygge nettverk, dele kompetanse og samarbeide med relevante myndigheiter og andre aktørar på regionalt og kommunalt nivå.
  • Rettleiing og kompetanseheving av kommunane i deira kvalifiseringsarbeid:  Fylkeskommunen skal, innanfor rammene til nasjonal integreringspolitikk, følgje opp kommunane sitt kvalifiseringsarbeid der arbeidet er stadavhengig, og kjennskap og nærheit til kommunane bidreg til betre oppgåveløysing.
  • Å følgje opp arbeidet med frivilligheit og samfunnsdeltaking på regionalt nivå.
  • Samarbeid med regionale sektormyndigheiter og fylkeskommunar om kvalifisering og integrering av innvandrar på regionalt nivå.
  • Fordele midlar til tilskotsordningane: Jobbsjansen del B (meir grunnskoleopplæring til innvandrarungdom), mentor- og traineeordningar og etableraropplæring for innvandrarar.

Oppgåvene som er ført over frå IMDi må definerast på nytt og inn i ein fylkeskommunal samanheng og arbeidsform.  Det blir viktig å sjå integreringsoppgåvene inn i politiske planar og satsingar.

Integrering rører ved mange fagfelt i fylkeskommunen, med overføringa av dei nye oppgåvene får fylkeskommunen moglegheit til å knytte fagfelta tett saman til eit best mogleg arbeid til målgruppa sitt beste.  Saman kan fylkeskommunen og kommunane få flest mogleg av flyktningane integrert i lokalsamfunn og i utdanning eller arbeid.

Enno er ikkje alle detaljar i ansvaret klart.  Det vil kome meir informasjon etter kvart.

Organisering av arbeidet

I samband med oppgåveoverføringa har Møre og Romsdal fylkeskommune tilsett to rådgivarar som skal koordinere innsatsen og behnadle arbeidet.

Rådgivarane høyrer til seksjon for Karriere og oppfølging ved Utdanningsavedelinga.  Arbeidsstaden er Kristiansund.  Fram til Campus Kristiansund er opna, er kontorplassen ved Kristiansund videregående skole.

Kontakt