Regionalt planforum

Kvar månad arrangerer vi regionalt planforum for kommunar og regionale etatar.

Kva saker blir drøfta?

Planforumet skal drøfte konkrete plansaker, utveksle informasjon og avklare konkrete spørsmål og sektorinteresser. Det skal også bidra til at vi samordnar ulike interesser og syn, raskare får avklart ulike problemstillingar og oppnår meir samstemt praksis i plansaker. Regionalt planforum skal styrke planlegginga generelt og førebygge konflikter. 

Alle kommuneplanar som skal rullerast bør leggast fram i regionalt planforum. Også kommunale planstrategiar, interkommunale planar, enkelte kommunedelplanar og større reguleringsplanar vil vera aktuelle å ta opp. Det same gjeld regionale planstrategiar, regionale planar, regionale planbestemmingar og andre saker av overordna prinsippiell karakter.

Vi ønsker at kommuneplanar og regionale planar skal bli drøfta to gonger, både før planprogrammet blir fastsett og før offentleg ettersyn.

Praktisk gjennomføring

Planforumet blir arrangert på fylkeshuset. 

Kommunar og regionale etatar som ønsker å ta opp saker må melde desse inn for fylkeskommunen seinast 14 dagar før møtet. Du må sende inn relevante saksdokument på e-post seinast sju dagar før møtet. Vi distribuerer vidare og kallar inn til møte.

Møtereferat 2019

19. juni 2019 Rauma kommune - reguleringsplan E136 Flatmark- Marstein

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt