Den kulturelle spaserstokken

Kommunar kan søke om kunst og kulturtilbod til eldre gjennom Den kulturelle spaserstokken (DKSS). Dette er ei fylkeskommunal tilskotsordning til kommunane, som kommunene organiserer og drifter.

Kva skal pengane brukast til?

Pengane skal gå til profesjonelle kunst- og kulturformidling av høg kvalitet innan alle sjangrar som musikk, scenekunst, film, litteratur og visuell kunst. Det skal skje på arenaer der dei eldre er i dagleglivet.

Kommunane får ikkje tilskot til bevertning, investeringar, utstyr, administrasjonstiltak, planleggingstiltak eller kompetanseutvikling.

Søknad

Frist for å søke om midlar gjennom Den kulturelle spaserstokken er 1. november.