Fylkesbiblioteket

Fylkesbiblioteka er eit kompetansesenter for biblioteka i fylket og ein pådrivar for utvikling. Vi utviklar felles tenester, gir råd og rettleiing til biblioteka og bibliotekeigarar. Sjekk tenestene våre her:

Kunst- og kulturformidling for barn og unge.

Vi tilbyr kurs og foredrag om formidling til barn og unge folkebiblioteka. Desse finn du på kalenderen på mrfylke.no. Kvart år arrangerer vi mellom anna «Ibby barnebokturné» i Ålesund og Kristiansund med foredrag om nye bildebøker, barnebøker og ungdomsbøker.

Formidling dei med lesevanskar – Bok for alle og leseombod

Ønsker ditt bibliotek å gjere ein innsats for dei som slit med å få med seg innhaldet i vanleg tekst?

Vi set biblioteka i kontakt med den nasjonale ordninga Bok for alle:

  • Biblioteka som deltar mottar to bokpakkar med tilrettelagte bøker årleg 
  • Biblioteka må sørge for ei god organisering og merking av lettleste bøker
  • Biblioteka kan delta i Leseombodsordninga

Leseombordsordninga er eit tilbod til folk som av ulike grunnar ikkje kan lese sjølve.

  • Leseombodet er ein person som tar på seg å lese for andre.
  • Biblioteka må rekruttere leseombod og opprette samarbeid med institusjonar som ønsker besøk i sin kommune.
  • Leseomboda kan vere tilsette ved ein institusjon, eller frivillige som har lyst å lese for andre. 

Bibliotek som ønsker å bli med i nettverket ‘Bok for alle’ og leseombodsordninga, kan ta kontakt med fylkesbiblioteket.

Det er samanslutninga ‘Leser søker bok’ som koordinerer det nasjonale nettverket ‘Bok til alle’. Du kan finne meir informasjon om Leser søker bok her.

Planlegg de nytt biblioteklokale, eller ei oppgradering av det som allereie er? Fylkesbiblioteket kan bidra med råd og anbefalingar inn i ditt prosjekt.

Kommunane kan søke investeringstilskot til nybygg, ombygging eller modernisering av eksisterande lokale. 

Vi tilbyr rådgiving innan kunnskapsorganisasjon, slik som katalogisering, klassifikasjon, emneord med meir. Vi kan også gi råd om samlingsutvikling,  for eksempel innkjøpspolitikk og kassering.

Alle kommunale og fylkeskommunale offentlege bibliotek skal levere statistikk om drifta si til Nasjonalbiblioteket. Fylkesbiblioteket skal følge opp og gi rettleiing i dette arbeidet.

Etter at statistikkdata er levert til Nasjonalbiblioteket, lagar fylkesbiblioteket spesialstatistikkar for både folkebiblioteka og skulebiblioteka. Desse vert sendt til media og til biblioteka, til bruk i det daglege arbeidet. 

Nasjonalbiblioteket publiserer data frå heile landet i den årlege nasjonalstatistikken.

Vi gir råd om korleis biblioteka kan utforme søknadar om prosjektmidlar og tilskot frå ulike støtteordningar. Vi gir også rettleiing i utforming av prosjekt, prosjektleiing og idéutvikling.

Aktuelle støtteordningar: 

Fylkesbiblioteket kan også vere deltakar,samarbeidspart eller rådgivar i både store og små, interne og eksterne prosjekt. Det kan vere å initiere prosjekt der fylkesbiblioteket ønsker å prøve ut nye tenester, direkte rådgiving og eller deltaking undervegs i prosjekt eller utlysing av prosjektmidlar som folkebiblioteka kan søke på. Fylkesbiblioteket disponerer mellom anna  lokale utviklingsmidlar og lyser ut desse i biblioteknettverket.

Fylkesbiblioteket støtter biblioteka i arbeidet med å legge til rette for at publikum får tilgang til lokalhistorisk materiale i biblioteka, aktivisere lokalsamlingane og gjere biblioteka til naturlege samlingspunkt for bruk og deling av lokalhistorie frå Møre og Romsdal.

MøreRom

Fylkesbiblioteket driftar fellestenesta MøreRom. Dette er ein base der artiklar i sogelagsskrift frå heile fylket er gjort søkbare med autoriserte metadata, til dømes emne, stad og bedriftsnamn. Ein kan altså søke i innhaldet i alle sogelagsskrift frå fylket samtidig. Førebels dekker basen alt utgitt frå og med 2000, samt ein del eldre skrift, om lag 40 000 postar. Der fulltekstutgåver er tilgjengelege, er det lenker direkte til artikkelteksten. Fylkesbiblioteket vil i samarbeid med Nasjonalbiblioteket arbeide mot lenking til fulltekst digitalisert i Nettbiblioteket. Søk i MøreRom her.

Biografisk katalog for Sunnmøre

Biografisk katalog for Sunnmøre: MøreRom inneheld også biografiske artiklar frå ein eldre manuell katalog som fanst på Ålesund bibliotek. Dette er henvisingar til avisartiklar om personar frå Sunnmøre i perioden ca. 1920-1980, totalt 18 000 postar. Her kan ein søke på personnamn og familienamn og finne nøyaktige opplysningar om kva avis artiklane står i.

Skifteregister for Sunnmøre

Fylkesbiblioteket har også fått registrert eit eldre manuelt skifteregister som fanst i Ålesund bibliotek. Opplysningane er søkbare i Digitalarkivet. Her kan du søke på gardsnamn og få opp alle skifte knytt til denne garden gjennom åra, med lenker til digitalisert fulltekst av kvart skifte (avfotograferte protokollar).

Fylkesbiblioteket tilbyr er ansvarleg for e-bokkonsortiet i Møre og Romsdal, og koordinerer e-bokløysinga for alle folkebiblioteka i fylket. Dette betyr at alle kan låne e-bøker via appen EBokBib.

For å kunne bruke EBokBib må lånaren ha nasjonalt lånekort registrert ved eit av biblioteka eller dei vidaregåande skulane i fylket, samt nettbrett eller smarttelefon. 

Lånaren må laste ned og installere app her.

Vi tilbyr mange faglege  kompetansehevingstiltak for dei bibliotektilsette i fylket, og arrangerer også større møte med bibliotekfaglege tema fleire gongar kvart år.

To faste årlege møte er:

  • Biblioteksjefmøte i vårhalvåret, for leiarar i alle typar bibliotek i fylket. 
  • Bibliotekdagane på hausten er faglege samlingar som er ope for alle typar bibliotektilsette, politikarar og andre interesserte, og som blir arrangerte  i samarbeid med NBF Møre og Romsdal.

I Møre og Romsdal er det oppretta fire regionale bibliotekgrupper som samlast på omgang i dei ulike biblioteka, og desse møtest to gongar årleg. Dette er viktige møteplassar der vi tar opp ulike aktuelle tema, både bibliotekpolitiske tema og saker av lokal karakter.

Fylkesbiblioteket er ein seksjon av kulturavdelinga i fylkeskommunen, og bygger verksemda si på Lov om folkebibliotek. Vi er lokalisert i Ålesund med ein stab på 8 tilsette.

Fylkesbiblioteket er eit fagleg kompetansesenter for biblioteka i fylket, med særskilt fokus på utvikling gjennom ulike tenester:

  • Ta initiativ til bibliotekutvikling gjennom rådgiving og fagleg assistanse
  • Arbeide for fellesløysingar og nye tiltak
  • Organisere lokalt lånesamarbeid gjennom drift av Regionalt Samsøk og transportordning (Norsk bibliotektransport)
  • Styrke litteratur- og kulturformidling i biblioteka
  • Styrke bibliotekkompetansen i fylket gjennom kurs og møte
  • Bistå i utforming og innreiing av biblioteklokale
  • Har systemansvar for biblioteksystemet Bibliofil i 18 vgs i fylket
  • Arbeide for styrking av lokalhistoria i biblioteka
  • Drifte den lokalhistoriske basen MøreRom: indekserte lokalhistoriske artiklar
  • Drive bokutlån og kulturformidling frå Bokbåten Epos

Fylkeskommunen sine bibliotekoppgåver er definerte i Lov om folkebibliotek, Kap.III.

e-post: post@mrfylke.no

Adresse: 
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kirkegata 10 B
6004 Ålesund

Telefon:  71 28 00 00 

 

Snarvegar

Kontakt