Ung kultur møtes (UKM)

UKM (Ung kultur møtes) er fylket sitt største kulturarrangement for barn og unge, der ungdom kan delta med alle slags kulturutrykk. 

Kva er UKM?

UKM er eit nettverk av små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til ei fylkesmønstring som blir arrangert kvar vår. 

Kvart fylke sender i neste omgang ca. 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim. Møre og Romsdal fylkeskommune har det overordna ansvaret for UKM i Møre og Romsdal, som blir gjennomført av Møre og Romsdal Musikkråd.

Meir informasjon og påmelding:

Meir informasjon om kva UKM er, påmelding og når dei ulike lokalmønstingane blir arrangert, finn du på nettsida til UKM. 

Snarvegar