Arkeologiske undersøkingar

Vi har ansvaret for å ta vare på automatisk freda kulturminne (eldre enn 1537 e.Kr.) i Møre og Romsdal.

Det gjer vi mellom anna ved å undersøke arealplanar frå kommunane, registrere funn og gjennomføre arkeologiske undersøkingar.

Arkeologane skal vurdere alle reguleringsplanar eller andre tiltak som inneber graving og markinngrep, for å sjå om dette påverkar kjente eller moglege automatisk freda kulturminne. Det vil seie alle faste kulturminne frå før år 1537. Dette gjeld både privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder.

Dersom arkeologane meiner at planen eller tiltaket kan ha innverknad på automatisk freda kulturminne, vil dei gjennomføre ei arkeologisk undersøking av området.

Ved offentlege eller større private tiltak, skal dei ansvarlege (tiltakshavar) betale for dei nødvendige arkeologiske undersøkingane. Fylkeskommunen vil då utarbeide eit budsjett.

Mindre, private tiltakshavarar får som regel dekka heile eller delar av utgiftene til slike undersøkingar. Det gjeld for tiltak som garasje, tilbygg til eksisterande privatbustad eller mindre nydyrkingssaker.

Dersom du har oppdaga noko du trur kan vere eit automatisk freda kulturminne, for eksempel samlingar med stein, flekkar med kol og sot, eller gjenstandar, må du ta kontakt med fylkeskommunen med ein gong. Då vil arkeologane vurdere kva dette kan vere og bestemme kva som skal skje vidare med funnet.

Automatisk freda kulturminne fortel korleis menneska før oss har levd og brukt landskapet og ressursane rundt seg. Dette er ressursar som ikkje kan fornyast. Derfor er det ikkje love med inngrep i kjente automatisk freda kulturminner

Ønsker du likevel å gjere inngrep i eit kjent kulturminne, må du først søke om løyve om inngrep (dispensasjon) på eit eige skjema frå Riksantikvaren. Arkeologane våre kan hjelpe med rettleiing.