Bruk av metalldetektor

Mange privatpersonar driv med metallsøk. Kva gjer dei viss dei kjem over eit funn?

Bruk retningslinjene for metalldetektor

Riksantikvaren har utarbeidd retningsliner for metallsøk og for kva folk skal gjere om dei kjem over eit funn. Det er viktig å sette seg inn i desse slik at ikkje kulturminne vert skada. Last ned dokument.

Her står det mellom anna at:

  • du må ha tillating fra grunneigaren
  • du kan kun grave i pløyelaget
  • det er ikkje tillatt å gå på automatisk freda kulturminne (inkl. sikringssonen).
  • du må levere inn alle funn som er innleveringspliktige. Dette gjeld alle funn som du trur er eldre enn 1537, samiske gjenstandar eldre enn 100 år, og alle myntar eldre enn 1650. Er du i tvil, så ta kontakt med ein av arkeologane våre

Kva gjer du viss du finn noko som kan vere eit kulturminne?

  • Ta raskt kontakt med Møre og Romsdal Fylkeskommune, som er rette mynde til å gje råd og hjelp.
  • Gjenstanden må sikrast mot vidare skade, høyr gjerne med fylkeskommunen om korleis du kan gjere dette.
  • Merk boks eller pose med gnr/bnr, dato og namn. 
  •  Fyll ut funnskjema som viser nødvendig informasjon. Sjå dokument nedanfor
  • Ta gjerne bilete både av gjenstanden, men og funnstaden og omgjevnader rundt, og send til fylkeskommunen