Akvakultur

Jobbar du med saksbehandling av akvakultur eller arealplanlegging i sjø? Ta kontakt med oss om du ønsker fagleg rådgiving og kunnskap.

  • Vi har ansvar for å koordinere og tildele søknadar om akvakulturløyve. Dette gjeld løyve om oppdrett av alle artar som laks, aure og regnbogeaure på land, skjel, skaldyr og tang og tare i  sjø og på land.
  • Vi behandlar også søknadar om løyve til nye oppdrettslokalitetar og søknadar om endring av eksisterande oppdrettslokalitetar.
  • Før vi gjer vedtak om å avslå eller gi løyve, samordnar vi alle søknadar mellom næringsaktørar, kommune og sektormyndigheiter.
  • Dersom kommunale arealplanar i sjø er i strid med akvakulturinteressene, har vi myndigheit til å gi motsegn. 

Snarvegar

Kontakt