Jakt og fiske

Har du spørsmål om jakt og fiske eller forvaltning?

Vi forvaltar viltartar og innlandsfisk som ikkje er trua. Dette dreier seg i stor grad om hjort og elg og innlandsaure. Dette gjer vi ved å:

  • regulere jakttider for hjortevilt og kanada- og stripegås.
  • sjå til at produktiviteten, mangfaldet og leveområda til artane blir ivaretatt, mellom anna i regionale- og kommunale planar.
  • rettleie kommunar, organisasjonar, rettshavarar, enkeltpersonar og andre som er interesserte i saker om vilt- og fiskeforvaltning.
  • tildele midlar frå viltfondet til lokale vilttiltak
  • behandle søknader om lov til å jakte kystsel (steinkobbe og havert)
  • sikre fiskeførekomstane og gi løyve til utsetting av innlandsfisk

 

ArtKvote (rest)Sist oppdatert
Steinkobbe228.02.2020
Havert001.01.2020

I perioden 1. mai- 31. juli er det pause i seljakta.

Vi har dessverre litt problem med søknadsskjemaet for jakt på kystsel.

For å søke om seljakt kan du derfor sende ein e-post til post@mrfylke.no

I e-posten ønsker vi kontaktinformasjonen til jeger, samt kopi av godkjent skyteprøve for storviltjeger.   

Fangstskjema kystsel i Møre og Romsdal

Del 1: Alle som har løyve til seljakt i år må fylle ut her.

Del 2: Skal kun fyllast ut av jegarar som dreiv seljakt i år.

Dersom du ikkje har felt sel i år, treng du ikkje fylle ut resten av skjemaet.

Du må fylle ut eit skjema per dyr.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt