Rådgiving og oppfølging i skole

Vi tilbyr karriererettleiing til elevane i grunnopplæringa slik at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring.

Karriererettleiinga skal hjelpe elevane til: 

  • å bli bevisste og få meir kunnskap om seg sjølve, eigne interesser og føresetnader
  • å få meir kunnskap om yrkes- og utdanningsvegar
  • utprøving og praksis

Vi har tre tiltak retta mot elevar i grunnopplæringa:

Karrieredagane

Kvar haust blir alle elevar i 10. klasse invitert til Karrieredagane. Gjennom praktiske øvingar og informasjon frå næringslivet skal elevane få kunnskap om kva yrkesmoglegheiter som finst i Møre og Romsdal og i dei ulike regionane. Her får elevane sjå og erfare kva yrker som finns i bedriftane, og kva arbeidsoppgåver som skjuler seg bak yrkestitlane. Karrieredagane skal bidra til å gjere det lettare å velje utdanning i vidaregåande skule. Karrieredagane blir arrangert i september/oktober kvart år. 

Hospitering i vidaregåande skule

I november kvart år blir alle elevar i 10. klasse invitert til å hospitere i vidaregåande skule. Kvar elev vel to utdanningsprogram og hospiterer ein skuledag på kvar utdanning.

Arbeidshefte om karriererettleiing

Alle elevar i 10. klasse får eit arbeidshefte som skal gjere det lettare for elevane å velge vidaregåande utdanning. Heftet er også nyttig for lærarane og dei føresette.

Her kan du laste ned arbeidshefte om karriererettleiing

Her kan du laste ned fasiten til heftet

Karriereløypa

Sjå vilbli.no for meir informasjon om minoritetsspråklege søkarar til vidaregåande opplæring. Her står det mellom anna kven som har rett til vidaregåande og krav for å søke.

Du kan også lese informasjonshefte om inntak og opplæring av minoritetsspråklege  i vidaregåande opplæring

Minoritetsspråklege må fylle ut vedleggskjema

Minoritetsspråklege elevar må fylle ut Vedleggsskjema for minoritetsspråklige søkere når dei søker inntak til vidaregåande opplæring. Dei må sende skjemaet og all dokumentasjon som vitnemål og attestar til Møre og Romsdal fylkeskommune samtidig som dei søker i Vigo. Søknadsfristen er 1. mars. Du finn vedleggskjema her.

Minoritetsspråklege kan ha rett til særskilt språkopplæring

Alle elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring inntil dei kan nok norsk til å følge den vanlege opplæringa i skolen.

Det er skolen som skal kartlegge eleven sine norskkunnskapar før dei gjer vedtak om særskilt språkopplæring.

Skjema for enkeltvedtak finn du her

Minoritetsspråklege kan ha rett til utdanningsprogram over to år

Har eleven rett til særskilt språkopplæring, har han eller ho også rett til å bruke inntil to år ekstra på vidaregåande opplæring.

Eleven kan søke hvis ho eller han

  • har ungdomsrett
  • skal ha full måloppnåing
  • skal ha fulltids opplæring i to år
  • har rett til spesialundervisning eller har rett til særskilt språkopplæring

Søknadsskjema finn du her.

Det er kommunane som har ansvar for å melde frå til fylkeskommunen om elevar i 10. klasse som kan ha fortrinnsrett ved inntak til vidaregåande opplæring.

  • Dette gjeld elevar som har omfattande behov for spesialundervisning  eller sterkt nedsett funksjonsevne.
  • Melding om fortrinn må sendast innan 1. oktober, etter samtykke frå elev og føresette.
  • Meldinga er ikkje ein søknad til vidaregåande skule. Elevane må søke om skuleplass i Vigo og legge ved A-skjema med dokumentasjon innan 1. februar.

Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram

Har eleven eit omfattande behov for spesialundervisning og vanskar som gjer at han eller ho må følge eit bestemt utdanningsprogram, har eleven fortrinnsrett til inntak på Vg1. Vanskane må vere av ein slik art at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for om eleven greier å fullføre videregåande opplæring.

Les meir om fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram § 6-15 i opplæringslova.

Meldeskjema finn du her

Fortrinnsrett for søkarar med sterkt nedsett funksjonsevne:

Har eleven rett til spesialundervisning og har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan eleven søke om fortrinnsrett dersom han eller ho har behov for å bli tatt inn på ein skole som er særleg tilrettelagt. Søkaren må legge ved dokumentasjon som stadfestar kva helseutfordringane er.

Du har rett til inntak til Vg1 på eitt av tre valde utdanningsprogram, men fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er sterke grunnar for at du bør takast inn til ein bestemt skole. Du har ikkje rett til inntak på ein bestemt skole.

Les meir om fortrinnsrett for søkarar med sterkt ned sett funksjonsevne i § 6-17 i opplæringslova.

Meldeskjema finn du her

Barn som er på barnevernsinstitusjon har rett på grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring, og det er Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for å oppfylle retten.

Fylkeskommunen har også ansvar for at elevar innlagt på sjukehus får opplæring. I Ålesund står Åse skole og lærar frå Spjelkavika vidaregåande for undervisningstilbodet, i Kristiansund er det Allanengen barneskole som har opplæring.

Spesialundervisning

Dersom elevar på institusjon treng spesialpedagogisk hjelp, må rektor ved skolen utarbeide eit vedtak og sende dette til utdanningsavdelinga for godkjenning.

Informasjonsoverføring mellom samarbeidspartar

Når barn blir flytta til eller frå barnevernsinstitusjonar, er det viktig at partane som er involvert får god informasjon for å tilrettelegge opplæringstilbodet for eleven. Institusjonar, skole og andre partar skal bruke skjema for informasjonsoverføring for å sikre ein god informasjonsflyt.

Det er også viktig at partane gir samtykke til at informasjon vert overført. Bruk samtykkeskjemaet.

Frist for å søke ordinært opptak til vidaregåande opplæring er 1. mars. Alle som søker, skal søke via Vigo. 

A-skjema: Søke om fortrinn og individuell vurdering

Som regel skjer inntaket etter poeng, men nokre søkargrupper kan ha fortrinnsrett til inntak. Frist for å søke inntak med fortrinnsrett er 1. februar.

Les om kven som har rett til fortrinn til vidaregåande opplæring på vilbli.

I nokre tilfelle kan søkarar søke om inntak med individuell vurdering. Les om kven dette gjeld på vilbli. 

Elevar må søk i Vigo og sende inn A-skjema.​​​ Inntak vil skje i mars-april.

A-skjema finn du her

R-skjema: Søke om individuell vurdering R-skjema

Elevar som er inne i eit bestemt behandlingsopplegg, under oppfølging av barnevernet, eller er busett i asylmottak og er mindreårige, skal søke vidaregåande opplæring med R-skjema. Intaket skjer i juli.

R-skjema finn du her

Kommunane må sende melding om elevar som kan ha fortrinnsrett

Det er kommunane som har ansvar for å melde frå til fylkeskommunen om elevar i 10. klasse som kan ha fortrinnsrett ved inntak til vidaregåande opplæring.

  • Melding om fortrinn må sendast innan 10. oktober, etter samtykke frå elev og føresette.
  • Meldinga er ikkje ein søknad til vidaregåande skule. Elevane må søke om skuleplass i Vigo og legge ved A-skjema med dokumentasjon innan 1. februar.

Melding frå kommune: Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram

Melding frå kommune: Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

B-skjema: Melding om tilretteleggingsbehov

Elevar som søker ordinært inntak til vidaregåande opplæring, kan melde frå om behov for tilrettelegging eller ein vanske som skolen må ta omsyn til. Søkaren kan sende melding om dette samtidig som han eller søker opptak på vigo. 

B-skjema finn du her

Alle som søker vidaregåande opplæring, må søke i Vigo. Enkelte skal også bruke vedleggsskjema. Det gjeld mellom anna dei som søker om fortrinnsrett, tilretteleggingsbehov, minoritetssøkarar og ei rekke utdanningsprogram. Sjå oversikta over skjema her.

Aktivitetane for rådgivarane i fylket er organisert i fire regionar med ein koordinator i kvar region. Koordinatorane er bindeleddet ut til regionane og har konkrete oppgåver mot rådgivarane.

Dei skal også bidra til andre tiltak som i overgangen mellom ungdomsskolen og den vidaregåande skolen.  Mellom anna tilrettelagt yrkes- og utdanningsrettleiing for elevar som treng det. Det er eit mål at elevane skal få så god karriererettleiing at dei tek eit bevisst val av vidaregåande utdanning.

RegionNamnE-post
Seksjonsleiar i fylkeskommunen: Rose Mari Skarsetrose.mari.skarset@mrfylke.no
Søre SunnmøreLiv Ose, Ulstein vgsliv.ose@mrfylke.no
Nordre SunnmøreLiv Toril Amundsen, Borgund vgsliv.toril.amundsen@mrfylke.no
RomsdalInger-Kristin Kristiansen, Fræna vgsinger-kristin.kristiansen@mrfylke.no
NordmørePaula Reitan Lie, Kristiansund vgs

paula.reitan.lie@mrfylke.no

 

Rådgivingsnettverket gjer mellom anna:

 

  • Gjennomfører ulike aktivitetar i yrkes- og utdanningsveiledninga
  • Arrangerer Rådgjevingskonferansen for rådgivarar både i grunnskole og vidaregåande skole
  • Har nettverksmøter for skoleeigar og rådgivarar

Oppfølgingstenesta skal sørge for at all ungdom som ikkje er i opplæring eller arbeid får tilbod om dette eller andre kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse.

Oppfølgingstenesta vil mellom anna samarbeide med grunnskolane og dei vidaregåande skolane, den pedagogisk-psykologiske tenesta, opplæringsadministrasjonen i fylkekommunen, arbeids- og velferdsforvaltinga og helse-og sosialtenestene. 

Les meir om ordninga her.

Sjå oversikt over OT-rådgivarar og koordinatorar i fylket.

Rutinar og malar til avklaringsmøte og oppfølgingsplan med vedlegg.

Dersom du ønsker vidaregåande opplæring under soning, har du rett til å få vurdert retten din til slik opplæring. Dette kan du seie frå om på skjemaet  Søknad om opplæring under soning.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil få melding om at du ønsker slik opplæring og vil foreta vurdering av retten din. Du vil innan rimelig tid få tilsendt enkeltvedtak om kva rett du har.

Skolen vil tilby deg opplæring i tråd med den opplæringa du søkjer, opplæringsretten din og dei behova du har.

Du kan òg få grunnskoleopplæring om du ikkje har fullført slik opplæring frå før.

Fylkeskommunen er ansvarleg for all opplæring som skjer i fengsla.

Opplæringa skal vere tilpassa den enkelte og det blir difor gitt både grunnskoleopplæring for vaksne, vidaregåande opplæring både for ungdom og vaksne, og andre både kompetansegivande og ikkje kompetansegivande kurs.

Det er Romsdal videregående skole (Hustad fengsel) og Fagerlia videregående skole (Ålesund fengsel) som utfører opplæringa i fengsla.

Orientering om rett til vidaregåande opplæring under soning

Snarvegar