Regional planlegging

Vi utarbeider planar for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal, innanfor klima og miljø, verdiskaping, folkehelse, kompetanse, kultur, ressursforvaltning, samferdsel og næringsutvikling.

I planane viser vi kva som er satsingområde og prioriterte aktivitetar i fylkeskommunen. Planane skal også vere retningsgivande for kommunane og statlege etatar.

Fylkestinget er regional planmynde, det vil seie at dei har ansvaret for den regionale planlegginga.

Fylkeskommunen utarbeider fleire typar planar:

Kvar valperiode utarbeider vi ein regional planstrastegi i samarbeid med kommunar, statlege organ og organisasjonar. Dette er eit overordna plandokument som viser dei største utfordringane og moglegheitene for fylket framover og kva planar vi skal ha for å møte desse. Planstrategien skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer, men legge vekt på lokal erfaring og kunnskap.

Fylkesplan for 2017-2020, regional plan for Møre og Romsdal, er fylkeskommunen sin plan for den totale samfunnsutviklinga i fylket. Fylkesplanen skal gi eit grunnlag for prioriteringar og avgjerdsler i fylkeskommunen, kommunar, statlege etatar, næringsliv og organisasjonar i fylket.

Vi har ei rekke regionale delplanar for meir avgrensa samfunnsområde. Alle desse har handlingsprogram, som blir revidert årleg. Vi utarbeider også ei rekke temaplanar, sektorplanar og strategidokument for ulike område.

Snarvegar