Tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta skal fremme tannhelsa i befolkninga og sørge for nødvendig førebygging og behandling. Vi jobbar for ei god tannhelse og ei god folkehelse ved å spreie kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

 Dette gjer vi i samarbeid med dei kommunale tenestene.

Har du spørsmål, ta kontakt med fylkestannlegen sitt kontor på tlf.: 71 28 03 00

For å legge til rette ei god tannhelse frå første leveår samarbeider tannhelsetenesta og helsestasjonstenesta. Dette inneber at barna sin rett til tannhelsehjelp blir ivaretatt på helsestasjonen fram til første innkalling til tannklinikk ved treårsalderen.

For å bidra til optimal tannhelse for barn og ungdom opp til  20 år, har tannhelsetenesta inngått ei samarbeidsavtale og rutinar for samarbeid med helsestasjon, skolehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.

Det inneber mellom anna at både helsestasjon, skolehelsetenesta og helsestasjon for ungdom kan vise barn og ungdom vidare til tannklinikkane, og forpliktar seg til å informere om tannhelse til barn, ungdom og foreldre.

Samarbeid mellom den offentlege tannhelsetenesta og helsestasjon, skulehelsetjenesta og helsestastjon for ungdom

Helsestasjonstenesta kan bruke dette skjemaet når dei viser til tannklinikk. 

Tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har opplysningsplikt til barnevernet. Det vil seie at vi skal gi opplysingar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barnet blir mishandla i heimen, eller det  føreligg andre former for omsorgssvikt.

Det er utarbeidd rutinar som skal sikre eit godt samarbeid mellom tannhelsetenesta og barnevernstenesta. 

For å legge til rette for ei god tannhelse i tidleg alder, samarbeider vi med mange barnehagar. Vi deltek mellom anna på møte med barnehageleiinga og foreldra og besøker barna i barnehagen.

Vi deler ut gratis tannbørster til barnehagar som skal starte opp med tannpuss. Tannhelsetenesta kan bistå med praktiske råd og rettleiing.

Ønsker de eit samarbeid, ta kontakt med folkehelsekontaken i din region. Kontaktinformasjon finn du lenger nede på sida.

Undervisning til 8.klasse.

Tannhelsetenesta deltek med undervisning om oral helse til 8. klassingar i fleire kommunar. Undervisningsopplegget kan også brukast i distrikt eller byområde som viser dårlegare tannhelse over tid. Folkehelsekontakten koordinere dette arbeidet i sin kompetanseregion.

Vidaregåande skolar

Tannhelsetenesta har samarbeidsavtale med vidaregåande skolar om undervisning i oral helse i utdanningsprogram for Helse- og oppvekstfag. Målet er å auke kunnskapen til elevane og knytte oral helse til den totale helsa. Skal ein forklare samanhengen mellom livsstil og helse, er det og viktig å ha kjennskap til den orale helsa.

Mange av dei gruppene vi gir eit oppsøkande tilbod til er menneske med ulike hjelpebehov. Vi ser det derfor som særs viktig å kunne bidra med auka fagkunnskap om oral helse til elevar som skal velje omsorgsyrke.

Undervisninga er kvalitetssikra og tilpassa kunnskapsløftet og skolesituasjonen i dag.

Vi har avtale med pleie- og omsorgstenesta for å gi eldre, uføre og kronisk sjuke med opphald  i institusjonar, og brukarar i heimebasert omsorg, tilbod om gratis tilsyn.

Tannhelsetenesta gir mellom anna regelmessig opplæring i tann -og munnstell til dei tilsette i pleie og omsorgstenesta, og sørger for at brukarane får nødvendig førebygging og behandling.

Alle som bur eller mellombels oppheld seg i fylket, som flyktningar, asylsøkarar og familiegjenforente, har rett på nødvendig tannhelsehjelp.

  • Flyktningar og asylsøkarar i alderen 0-20 år har rett til innkalling, undersøking og nødvendig tannhelsehjelp. Dersom det er tvil om ein asylsøkar er under 18 år, skal personen bli behandla som mindreårig fram til utlendingsmyndigheiter har fatta vedtak, og bestemt personen sin alder.
  • Ungdom i alderen 19-20 år må betale 25% av takstar i den offentlege tannhelsetenesta.
  • Vaksne må betale for tannhelsehjelpa.

Meir informasjon om rettar i «Veileder for helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente» IS-1022 frå Helsedirektoratet.

Tilbodet i den offentlege tannhelsetenesta omfattar ikkje kjeveortopedi før pasienten det gjeld har fått opphaldsløyve og har flytta til permanent bustad.

Det er utarbeidd ei samarbeidsavtale mellom flyktingtenesta, asylmottak og den offentlege tannhelsetenesta om tannhelsetilbodet.

Kvar kompetanseregion har ein folkehelsekontakt som folkehelsekoordinatorane i kommunane kan kontakte.

Folkehelsekontakten skal sjå til at samarbeidsavtalane i regionen fungerer, gi råd og følge opp tiltak som er starta opp.

Kompetanseregion:Kontaktperson:Klinikk:Kontaktinfo:
Søre Sunnmøre Gunn-Randi SolstadUlsteinvik

tlf: 71 28 49 40
gunn-randi.solstad@mrfylke.no

Ålesund

Bodil Kristin Høgstøyl

Ålesund

tlf.:71 28 48 00
bodil.kristin.hogstoyl@mrfylke.no

MoldeRandi VærøBatnfjordsøra

tlf: 71 28 46 54
randi.varo@mrfylke.no

KristiansundSølvi HanssenSurnadal

tlf: 71 28 45 60
solvi.hanssen@mrfylke.no

 

For å gi personar med utviklingshemming eit god tannhelsetilbod er tannhelsetenesta avhengig av eit  godt og forpliktande samarbeid med kommunalt tenesteområde med ansvar for personar med utviklingshemming.  Det er utarbeidd ei samarbeidsavtale  med informasjon og rutinar som skal sikre personar med utviklingshemming eit godt tannhelsetilbod.

Den offentlege tannhelsetenesta skal sørge for tilbod til rusmisbrukarar under kommunal rusomsorg/ NAV, og  personar under legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Kontakt