Akvakultur

Søk om løyve til akvakultur

Her kan du søke om løyve til akvakultur, nye oppdrettslokalitetar eller om endring av eksisterande lokalitetar.

Kva kan du søke om?

  • Løyve til nye eller utvida lokalitetar for eksisterande bedrifter som driv med oppdrett av laks og aure i sjøvann
  • Godkjenning av lokalitetar til blant anna nye løyve til oppdrett av laks og aure i sjøvatn, forskningsløyve, utviklingsløyve og løyve til havbeite.
  • Nye løyve til oppdrett av andre artar i sjø enn laks og aure (eks. marine fiskearter, skaldyr, skjell og tang og tare)
  • Løyve til ny eller utvida produksjon av rogn/settefisk/yngel av både marine artar og laksefisk
  • Løyve til fangstbasert akvakultur

På Fiskeridirektoratet finn du søknadsskjema for akvakultur i både flytande og landbaserte anlegg. Her finn du også rettleiar for utfylling av søknadsskjema.

Ta gjerne kontakt med ein av våre rådgivarar i forbindelse med utarbeiding av søknaden. Send ferdig utfylte søknader med vedlegg til post@mrfylke.no

Du kan også sende ferdig utfylt søknad på eDialog.

Fyll ut alle punkt i søknaden. Som søkar har du ansvar for at den inneheld alle nødvendige opplysingar. Ufullstendige søknader forsinkar søknadsprosessen og kan bli returnert. Saman med kommunen må du sørge for at søknaden blir lagt ut til offentleg innsyn og kunngjort.

Når vi har mottatt søknaden din, sender vi den vidare til kommunen og sektormyndigheitene for vurdering.

Mattilsynet avgjer søknaden etter matlova, Kystverket avgjer søknaden etter lova om hamn- og farvatn, Fylkesmannen si miljøvernavdeling avgjer søknaden etter forureiningslova og uttak av ferskvatn avgjer NVE søknaden etter vassressurslova. Fylkesmannen gjer vedtak på grunnlag av naturvern- frilufts- fiske-, og viltinteresser, medan Fiskeridirektoratet bestemmer ut frå tradisjonelle fiskeriinteresser.

Kommunen sin uttale, merknadar frå den offentlege høyringa og sektormyndigheitene sine vedtak, blir sendt over til fylkeskommunen som tar ei samla vurdering om å gi løyve eller avslag etter akvakulturlova.

Saksbehandlingsgebyret for å søke om akvakulturløyve er 12.000 kr. Gebyret må vere betalt før søknaden blir behandla, og kvitteringa må leggast ved. Ved søknad om samlokalisering skal det betalast eit gebyr pr. søkar pr. lokalitet. For fiskarar som søker om løyve til oppbevaring av eigen fangst som ein del av akvakulturverksemda, er gebyret på 3.000 kr.

Endringar på lokaliteten som går utover gjeldande løyve, vil normalt innebere krav om ny søknad. I tillegg til sakshandsamingsgebyret vil det også bli kravd gebyr for saksbehandling etter forureiningsforskrifta. Fylkesmannen vedtar kva gebyrsats som gjeld for kvar enkelt søknad.

Akvakultursøknaden skal vere ferdig behandla innan 22 veker. Ein føresetnad er at:

  • vi mottar komplett søknad
  • dei ulike involverte instansane held fristane sine
  • vedtaket til sektormyndigheitene ikkje er klaga på


Sjå Forskrift om samordning og tidsfrister i behandlingen av akvakultursøknader.

Ønsker du å klage på fylkeskommunen sitt vedtak om løyve eller avslag på akvakultursøknaden, send den først til oss. Hvis vi står ved vedtaket, skal vi sende klagen vidare til Fiskeridirektoratet. 

Det er Fiskeridirektoratet region Midt, Mattilsynet Region Midt og Fylkesmannen i Møre og Romsdal som driv tilsyn med akvakulturnæringa.

Vi oppfordrar akvakulturnæringa og næringslivet generelt  til å involvere seg i kommunane si arealplanlegging i sjø og andre planar som omfattar næringsutvikling, blant anna gjennom å gi innspel i høyringar.

Som fylkeskommune har vi myndigheit til å gi motsegn på kommunane sine arealplanar dersom desse strir mot akvakulturinteressene.

Kontakt