Delta i internasjonalt arbeid?

Ønsker du å delta i EU-prosjekt eller vite meir om kva moglegheiter som ligg i EU-programma?

Vi kan:

  • Rettleie vidaregåande skolar og opplæringskontor som ønsker opphald i EU-land for sine elevar eller lærlingar, eller inngå strategisk partnarskap i EU
  • Rettleie ungdommar, ungdomsorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar som ønsker å komme i gang med EU-prosjekt
  • Rettleie kommunar, kulturaktørar, miljø for forsking, utdanning og næring som ønsker å komme i gang med EU-prosjekt
  • Informere om EU-program og EU sine finansieringsordningar
  • Formidle erfaring frå EU-prosjekt 
  • Løfte regionen sine interesser inn i internasjonale forum

Prosjekt som er aktuelle å delta i:

Støtte til regional utvikling gjennom samarbeid over landegrensene

Interreg-programma er ein del av regionalpolitikken i EU og bidrar med økonomisk støtte til regional utvikling. Det skal stimulere til samarbeid om til sosial og økonomisk utjamning, meir kunnskap og bærekraftig økonomisk vekst. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som løyver midlane til deltaking for norske aktørar over statsbudsjettet.

Kven kan søke?

Interreg er delt inn i fleire ulike program, basert på geografisk område og tema. Både fylkeskommunane, kommunar, universitet og høgskolar, forskningsinstitusjonar, organisasjonar og bedrifter kan søke om prosjektstøtte frå Interreg.

Aktørar frå Møre og Romsdal kan delta i:

Kva kan ein søke støtte til?

Interregprogrammet støttar prosjekt som løyser samfunnsutfordringar gjennom samarbeid med partnarar frå andre europeiske land. Nokre av utfordringane som deltakarane kan søke støtte til er blant anna kapacitetsbygging, nye transportløysingar, digitalisering, innovasjon og fornybar energi. For å få støtte må prosjektet gi ein meirverdi som ikkje ville blitt mogleg gjennom eit regionalt/ lokalt prosjekt.

Møre og Romsdal fylkeskommune er leiar for Interreg Europe-prosjektet OSS.   

For informasjon om alle interregprogramma Noreg deltar i, sjå interreg.no.

For meir informasjon og hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med Cecilia Lillthors

Støtte til forsknings- og innovasjonsprosjekt

Horisont 2020 er verdas største forsknings- og innovasjonsprogram med 80 milliardar euro fordelt på sju år. Målsettinga med programmet er å betre den økonomiske veksten og øke sysselsettinga i Europa. Programmet er det viktigaste verktøyet i EU for å finansiere forskning på europeisk nivå, og for å styrke europeisk samarbeid om kunnskap og teknologi.

Kven kan søke?

Bedrifter, offentleg forvaltning og forskningsmiljø i Noreg kan søke Horisont 2020 om midlar til forskning, innovasjon og kommersialisering. Meir informasjon om programmet finner du her.

Kva kan ein søke støtte til?

Horisont 2020 har tre hovudprioriteriengar:

  1. Forskning. Målet er å gjere europeisk forskning meir konkurransedyktig gjennom å støtte aktivitetar som bidrar til å heve kvaliteten på forskning og infrastrukturen. 
  2. Industrielt leiarskap. Målet er å gjere Europa til eit attraktivt investeringsmål ved å støtte strategiske innovasjonar i nøkkelteknologiar og innovative SMBar.
  3. Samfunnsutfordringar: Målet er å utvikle innovative løysingar på samfunnsutfordringar gjennom å støtte tverrfagleg samarbeid knytt til blant anna klima, helse, miljø, energi og transport.

For meir informasjon og hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med Cecilia Lillthors.

Støtte til utdanning, opplæring, ungdom og idrett.

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Programmet er verdas største utdanningsprogram, og legg til rette for deltaking i samarbeidsprosjekt og praksisopphald i Europa.

Kven kan søke?

Ikkje-kommersielle organisasjonar som for eksempel kommunar, skolar, ungdomsorganisasjonar kan søke på vegner av unge (13-30 år) og ungdomsarbeidarar.

Kva kan du søke støtte til?

Aktørar kan blant anna søke støtte til:

  • Skoleutveksling
  • Ungdomsutveksling
  • Praksis/ læreplass i Europa
  • Hospitering av elevar og tilsette
  • Samarbeid mellom skolar/ organisasjonar for å utvikle, utveksle og prøve ut fagleg innehold.
  • Besøke / få besøk av ungdomsgrupper
  • Kurs og andre opplæringsaktivitetar for ungdomsarbeidarar
  • Ungdomspolitiske møte
  • Ungdomsinitiativ
  • Frivillig arbeid

Fordelar:

Det er mange fordelar ved å delta i Erasmus +, blant anna:

  • Internasjonal arbeidserfaring
  • Bli kjent med nye arbeidsmetoder og verktøy
  • Utvida fagkunnskap
  • Lære å kjenne nye kulturar
  • Utvida språkerfaring
  • Personleg utvikling
  • Prosjekterfaring

Hvis du ønsker å søke

Er du ungdom eller ungdomsarbeidar eller representerer du ein kommune eller ein organisasjon, ta kontakt med lokalkontakt Cecilia Lillthors for meir informasjon og rettleiing. Kommunar og organisasjonar kan få hjelp i søknadsprosessar.

Vidaregåande skolar og opplæringskontor har moglegheit til å delta på fellessøknad. Ta kontakt med Sunniva for meir informasjon.

For meir informasjon sjå aktivungdom.eu. 

Se også Diku.

Støtte til auka kunnskap, nettverk og samarbeid med EØS-landa

EØS-midlane er Noreg sitt bidrag til å redusere sosiale og økonomiske forskjellar i Europa. Støtta styrkar også samarbeidet mellom Noreg og dei 15 mottakarlanda: Bulgaria, Estland, Hellas, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn.

Kven kan søke?

Søknadsskriving, koordinering, rapportering, evaluering og budsjettkontroll er ansvaret til mottakarlandet. Norske aktørar kan bli med som partnar i prosjektet og få dekt delar av utgiftene for deltaking Norske partnarar kan vere bedrifter, kommunar, fylkeskommunar, kulturinstitusjonar, kunstnarer, frivillige organisasjonar, stiftingar, offentleg etat og andre.

Kva kan det søkast midlar til?

Det kan søkast pengar til enkeltprosjekt der norske aktørar kan delta som samarbeidspartnar. Det kan og søkast om midlar frå bilaterale fond som støttar aktivitetar som konferansar, seminar, studieturar og utveksling.

Aktuelle tema for EØS prosjekt kan vere: 

  • Klima og miljø
  • Grønn innovasjon og næringsutvikling
  • Forsking og utdanning
  • Justis og politisamarbeid
  • Sivilt samfunn
  • Lokal og regional utvikling
  • Sosial dialog og trepartssamarbeid
  • Kulturarv og kulturutveksling.

 

For meir informasjon og hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med Cecilia Lillthors.

Støtte til kulturelt og kreativt samarbeid over landgrenser.

Kreativt Europa er EU sitt program for dei kulturelle og kreative sektorane. Målet med programmet er at det skal fremme mobilitet for europeiske kunstnarar, bidra til å styrke den kreative industrien og hjelpe audiovisuelle kunstnarar til å tilpasse seg ei digital verd.

Gjennom Kreativt Europa kan norske aktørar innan kunst, kultur, film og TV få støtte til internasjonalt kultursamarbeid og til å nå ut til eit større europeisk publikum.

Programmet til Kreativt Europa er todelt.

For meir informasjon og hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med Cecilia Lillthors ​​​​​​.

Fylkeskommunen deltar i desse EU-prosjekta:

Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjektleiar for prosjektet One Stop Shop (OSS), som skal gjere det lettare å starte bedrift i Europa. Prosjektet har fått innvilga 1 477 612 euro frå Interreg Europe-programmet. Prosjektet starta opp våren 2018 og vil vare fram til 2023. Dei andre partnar-organisasjonane kjem frå England, Bulgaria, Spania, Slovenia, Polen og Belgia. Prosjektet skal forbetre førstelinjetenesta for gründerar, ved å skape ei meir heilskapleg teneste.

Partnerskapet skal utvikle ei verktøykasse av gode metodar for førstelinjetenesta. Tema det skal jobbast med er; førstelinjesystem for etablarar, digital kapasitet og løysingar , mentorteneste for etablerar, samarbeid mellom dei ulike nivåa i offentleg og privat sektor for å skape ei meir heilskapleg førstelinjeteneste, tilgang på kapital (crowdfunding) for etablerar og samlokalisering som verkemiddel. 

Vi deltar i EØS-prosjektet «Youth Employment Network for Energy Sustainability in Islands» som skal førebygge og redusere arbeidsløyse blant unge, gjennom fokus på mellom anna entreprenørskap og grøne arbeidsplassar. Det skal utviklast eit økosystem for å sikre at fleire unge med kompetanse på øysamfunn i Europa skal ha betre grøne jobbmoglegheiter. Alle partnarar skal utvikle kompetansen på berekraftig  gründerverksemd og jobbskaping innan fornybar energi, mobilitet, energieffektivisering og berekraftig reiseliv.

Prosjektet har ei totalramme på 2.738.000 € og er eit samarbeid mellom 10 partnarar frå 8 europeiske land. Møre og Romsdal fylkeskommune er med som ekspertpartnar. Prosjektet starta i 2018 og varer til 2022.

Møre og Romsdal fylkeskommune er partnar i prosjektet G-PaTRA som handlar om å finne løysingar for å redusere CO2-utslepp frå persontransport også ute i distriktet. Deltakarane står for mange forskjellege initiativ for å nå målsettingane - alt frå å kjøpe inn el- eller hydrogenbussar til å utvikle ein reise-app.

Noreg sitt bidrag er å lage eit businesscase som kan overførast til andre øy-samfunn, der ein ser på moglegheita for å produsere hydrogen frå vindkraft til bruk lokalt på øya (til hurtigbåt, buss, ambulansebåt og i fiskeindustrien). Det fins per i dag veldig få grøne løysingar for transport utanfor bykjernene, og derfor er dette prosjektet viktig.  Deltakarane er bedrifter og offentlege instansar/kommunar/fylkeskommunar knytt til transport frå Nederland, Storbritannia, Belgia, Tyskland og Danmark.

Frå Noreg er fylkeskommunen, Nasjonalt vindenergisenter på Smøla og Smøla Nærings- og kultursenter med. Prosjektet er støtta av Interreg Nordsjøprogrammet og vil gå frå hausten 2017 og varer til og med 2021.

På vegner av fleire videregåande skolar og opplæringskontor i fylket, sendte fylkeskommunen i februar 2018 ein felles Erasmus+-søknad om midlar til mobilitet i vidaregåande og høgare yrkesfagleg utdanning (KA102-søknad) til Diku- Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (tidligare SIU). Prosjektet fekk namnet «Skills for the Future 2018-2020». Søknaden vart innvilga, og fylkeskommunen fekk tildelt 253 726 euro. Midlane skal fram til våren 2020 nyttast til utplassering og hospitering i utlandet for om lag 120 elevar, lærlingar, fagskolestudentar, og tilsette i fag- og yrkesopplæringa.

Dei gode resultata av prosjektet «Skills for the future 2018-2020» og etterspørsel frå skolar og opplæringskontor gjorde at fylkeskommunen søkte på nytt i 2019. Prosjektet fikk namnet «The central skilled worker 2019-2021» og fikk tildelt 415 998 euro.

Den felles søknaden for mobilitet har så langt bidratt til at talet på lærlingar i fylket som får utplassering i utlandet, har auka frå 4 - 6 per år til omlag 20 per år. Vi erfarer at interessa for deltaking i internasjonale prosjekt har auka. Fleire skolar har i løpet av 2018 og 2019 tatt kontakt med utdanningsavdelinga/internasjonal rådgivar for å få hjelp til å søke andre EU-midlar.

EU-prosjektet “Practica Canarias” er eit Erasmus+ prosjekt for mobilitet i fag- og yrkesopplæring (VETVocational Education and Training) med lærlingar frå reiselivs-, sal- og kontorfag. Den spanske reiselivsskolen HECANSA er partnar. Målet med prosjektet er at lærlingane innanfor desse fagområda skal få relevant, internasjonal kompetanse i læretida. I løpet av prosjektperioden har åtte lærlingar frå heile fylket arbeidd i tre månader ved ulike institusjonar på Gran Canaria, i periodar med lågsesong her heime.

Prosjektet blir avslutta våren 2019, men innhaldet i prosjektet vil bli vidareført i fylkeskommunen sitt felles Erasmus-prosjekt «Skills for the Future 2018-2020» og «The central skilled worker 2019-2021».

Vi er medlem av i desse nettverka og deltar i desse samarbeidsarenaene:

For å kunne vere med å påvirke den europeiske politikken som gjeld oss her i Møre og Romsdal, er fylkeskommunen aktivt medlem i dei europeiske organisasjonane:  Nordsjøkommisjonen (NSC) og Conference of Peripheral and Maritime Regions (CPMR). Målet med deltaking i desse organiasjonane er å få kunnskap om, gi innspel til og bidra til å påverke politikkutforminga i EU på viktige område for vår region.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av medlemmane og eigarane i Vest-Norges Brusselkontor. Vest-Noregs Brüsselkontor har som oppgåve å synleggjere Vest-Nores som samarbeidspartnar for andre europeiske regionar, bidra med kompetanseheving på EU, vere lyttepost og talerør mot institusjonane i EU/EØS. Dei skal formidle informasjon om kva som skjer i EU/EØS av særleg interesse for medlemmane. Kontoret kan nyttast som fasilitator i prosjektarbeid innanfor EU-programma, og kan bidra for eksempel i partnarsøk på vegner av medlemmane. Kontoret kan også vere ein støttespelar for deltaking i internasjonale faglege nettverk og plattformer.

Europapolitisk forum er det viktigaste møteplassen for samhandling i europapolitiske saker mellom regjeringa og kommunesektoren. Formålet er diskusjon av aktuelle tema knytt til Noregs forhold til EU og EØS-avtalen, og utveksling av informasjon, synspunkt og erfaringar med viktige europapolitiske saker og problemstillingar. Forumet blir koordinert av Utanriksdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og dei ulike fagdepartementa deltek når relevante saker blir diskutert.

NORA er ein mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråd sitt regionalpolitiske samarbeidsprogram og består av Grønland, Island, Færøyene og Kyst- Noreg (dei ni fylka langs kysten frå Finnmark til Rogaland). NORA støtter samarbeidsprosjekt innanfor områda fiskeri og marine ressursar, IKT, turisme, transport, sjøtryggleik og anna regionalt samarbeid.

Vestlandsrådet er medlem av NORA, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har sekretariatsfunksjonen. NORA blir finansiert av Nordisk Ministerråd, supplert med eit nasjonalt bidrag frå dei fire deltakarane i samarbeidet.

Snarvegar

Kontakt