Løyve for persontransport

Ønsker du å drive med persontransport mot betaling i Møre og Romsdal? Då må du søke Møre og Romsdal fylkeskommune om løyve. Du kan søke om løyve for drosje og transport av funksjonshemma eller for selskapsvogn. I tillegg kan du søke om ruteløyve for buss, båt eller ferje. 

Kva må til for å få løyve?

  • Du må drive ei fast og varig verksemd i Noreg
  • Du må ha god vandel 
  • Du må ha tilfredsstillande økonomisk evne 
  • Du må ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse

Dette må du legge ved søknaden:

  • Politiattest
  • Tilsagn om løyvegaranti  (kr 85 000,-) frå bank eller forsikringsselskap
  • Attest på skatt og moms frå Skatteetaten og Kemner/skatteoppkrevjar  og stadfesting frå Konkursregisteret i Brønnøysund (må ikkje vere eldre enn tre månader)
  • Vitnemål frå eksamen frå godkjente teoretisk opplæring, eller tildelt drosjeløyve

Når vedtak om tildeling av drosjeløyve er gjort, vil du få ein frist til å  legge fram garantierklæring. 

Gods- og turvognløyve og fellesskapstillatelse søker du hos Statens vegvesen. For riksvegferjer må du søke Vegdirektoratet.

Det er eit felles søknadskjema for alle løyvene. Det finn du lenger nede på sida.

Drosjeløyve gir innehavaren rett og plikt til å drive persontransport utanfor rute mot betaling, med bil registrert for inntil 9 personar, eller med bil registrert for 10-17 personar.

Det er berre mogeleg å søke når eit drosjeløyve er ledig. Ledige drosjeløyve blir kunngjort i annonser og på nettsida til fylkeskommunen. 

Handikapløyve gir innehavaren rett og plikt til å transportere personar med funksjonshemming mot betaling (rullestoltransport)

Løyve for transport av funksjonshemma er behovsprøvde. Fylkeskommunen bestemmer kva stad løyvehavaren skal ha stasjon. Du må drive verksemda frå den staden som er fastsett i løyvet.

Søker du løyve for transport av funksjonshemma, må du oppfylle dei generelle vilkåra som gjeld for løyvepliktig persontransport.

Vilkår for løyvet

Det er berre høve til å utføre transport av personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming må bruke spesialtilpassa motorvogn, og personar som følger den som er funksjonshemma.

Motorvogna må vere spesielt utforma eller utstyrt for transport av funksjonshemma i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar om tekniske krav til motorvogn som nyttast til løyvepliktig transport for funksjonshemma, jf. Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv.

Ønsker du å drive selskapsvogntransport i Møre og Romsdal, kan du søke om selskapsvognløyve.

Eit selskapsvognløyve gir deg rett til å drive persontransport med motorvogn registrert for høgst åtte sitteplassar i tillegg til førarsetet. Motorvogna  skal vere eksklusiv og løyvet er behovsprøvd.

Vogna sin standard skal vere godkjend av fylkeskommunen, og du skal skrive motorvogna sitt registreringsnummer på løyvedokumentet.

Vi er løyvemynde for rutetransport internt i fylket, men også for fylkeskryssande ruter dersom løyvesøkaren har forretningsadresse i fylket, og ruta går innom fylket.

Løyve for persontransport mot vederlag blir i hovudsak tildelt gjennom konkurranse, det vil seie, at transportøren vinn ein konkurranse om ei rute/rutepakke som fylkeskommunen har lyst ut. Men det er også mogleg å søke om ruteløyve utan at fylkeskommunen har lyst løyve ledig.

Søknad om ruteløyve er behovsprøvd og blir behandla politisk. I Møre og Romsdal er det samferdselutvalet som behandlar slike saker.

Søknad om ruteløyve skal innehalde dokumentasjon på at søkaren fyller yrkestransportforskrifta sine krav til vandel, økonomi og fagleg kvalifikasjon. I tillegg skal forslag til rute- og taksttabell ligge ved søknaden.

Det kan ta noko tid før søknader om ruteløyve er ferdig behandla. Dette fordi at søknadane blir sendt til høyring og behandlinga blir lagt til allereie bestemte møtedatoar.

Løyve:Søknadsfrist;
Fjørtofta i Haram kommune (eitt løyve)6. september 2019
Molde (eitt løyve)16. september 2019

 

Dokumenter

Kontakt