hoppid.no Oppstart (program over 3 veker, oppstart 7.2.2022)

7/02 2022 09:00 - 6/03 15:00
Online
Skriv ut

Programmet går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar.

Kven passar det for?

Programmet passar for deg som har ein forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.

I løpet av programmet får du:

- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M
- presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar
- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane
- eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål.

Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.

Klikk her for å sjå dato for samlingane og søk om å delta 

Kontakt