hoppid.no Oppstart, startdato 1. februar
Online
Om hoppid.no Oppstart
Programmet går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar.
Kven passar det for?
Programmet passar for deg som har ein forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.
I løpet av programmet får du:
- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M
- presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar
- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane
- eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål
Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.
Programmet med start 01. februar har samlingar 01. - 03. - 06. - 08. - 10.- 13.- 15.- 17. - 20. og 22. februar 2023.
Klikk her for å lese meir om tema for samlingane og søk om å delta