Alle hoppid.no rådgivarane er sertifisert i ny digital løysing

For deg som er gründer i Møre og Romsdal betyr det at du får den samme gode hjelpa uavhengig av kvar du bor. 

Skriv ut

Alle 50 hoppid.no rådgivarar i alle 26 kommunane er no sertifisert i det digitale verktøyet som hoppid.no har utvikla saman med Entreprenerdy (tidl. Lean Business). Med dette verktøyet kan alle som har lyst til å starte eigen bedrift få tilgang til online verktøy og komme i kontakt med ein hoppid.no rådgivar. 

-Stadig fleire gründerar tar kontak med oss gjennom dette verktøyet. Sidan lanseringa i november 2019, er det 208 registrerte gründeridear, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, May-Britt Roald. 

Den digitale tenesta er gratis og tilgjengeleg for alle. Her får du tilgang

Kontakt