Bedrifter kan søke fylkeskommunen om støtte til kompetanseheving

-Den eine ordninga gjeld også dersom dei tilsette er heilt eller delvis permitterte, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Skriv ut

Fylkeskommunen har to BIO-ordningar (bedriftsintern opplæring) for bedrifter som ønskjer å bruke kompetanseheving som verkemiddel for omstilling. Regjeringa har auka ramma på BIO-midlane for å motverke dei negative konsekvensane av korona-epidemien.

Bedriftsintern opplæring (BIO-midlar)

Gjennom BIO-ordninga kan bedrifter søke om støtte til kompetansehevande tiltak i samband med omstilling. Slik opplæring kan vere eit alternativ til å permittere arbeidstakarar.

Nettbasert opplæring til permitterte i samband med korona-epidemien («BIO 2»)

Gjennom BIO-2 kan bedrifter søke støtte til kompetanseheving for tilsette som er heilt eller delvis permitterte. Med desse midlane kan bedrifter tilby nettbasert opplæring på kompetanseområde som vil medverke til omstilling.

Korleis søkjer du?

Begge ordningane er opne i søknadsportalen www.regionalforvaltning.no.

Landstad oppfordrar bedrifter som har spørsmål om å ta kontakt med fylkeskommunen. 

 

Kontakt