Bedriftsnettverk som verktøykasse for gründerar
Kva kan det offentlege bidra med når nye og etablerte bedrifter vil gå saman om å utvikle noko nytt? Det var eitt av temaa då gründerhjelpa hoppid.no og landbruksrådgivarar frå kommunane møtte til nettverkssamling i Ørsta tidlegare denne veka.
-I møtet med gründeren er det svært viktig at rådgivarane har gode og effektive verktøy slik at vi får fleire til å starte bedrift, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, May-Britt Roald.
Dei om lag 30 deltakarane fekk høyre eksempel på vellykka bedriftsnettverk innan reiseliv og landbruk, som Nettverket Stange Vestbygd og Nettverket Nordfjord Smak. Deretter drøfta gruppene korleis vi kan styrke samarbeidsprosjekt i vår region og kva som finst i den offentlege verktøykassa. Kompetanse i nettverket, kapital og framdrift var viktige stikkord.
I løpet av nettverkssamlinga vart det også tid til bedriftsbesøk hos møbelprodusenten Fora Form og på hjortefarmen Hovednakk Hjort AS.
Til slutt fekk deltakarane eit lynkurs i kommunikasjon frå ass. kommunikasjonssjef Per-Kristian Bratteng i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han kom også med stalltips til korleis hoppid.no kan bruke media til å nå ut med bodskap, forsterke merkevara hoppid.no og dermed gründerfylket Møre og Romsdal.
Ansvarlege for samlinga var den regionale partnarskapen for hoppid.no: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune.