Entreprenørar og små bedrifter får hjelp til å kome seg gjennom koronasiutasjonen

Mange gründerar og små bedrifter har blitt hardt ramma av koronasituasjonen. Evelyn Skeide er ein av dei. Ho meldte seg på kursprogram i forretningstutvikling for å møte dei nye utfordringane.  

Skriv ut

Evelyn Skeide følgte gründerdraumen og opna sjølvbeteningshotellet Hotel Geist i Åndalsnes i fjor, saman med mannen sin. Dei fekk ein god start med bestillingar for fleire hundre tusen kroner. Men då koronakrisa slo til for fullt, begynte avbestillingane å kome. Draumen vart til eit mareritt. -Det har vore ei berg og dal-bane. Men vi gir ikkje opp, så eg begynte å leite etter motivasjon og energi til å fortsette, seier ho.

Skeide meldte seg på kursprogrammet i forretningsutvikling som hoppid.no tilbyr. Her håpar ho å finne nokre av dei verktøya ho treng akkurat no. -Eg har 20 års erfaring frå IT-bransjen, men har mindre erfaring med hotell- og restaurant. Eg starta på programmet for å få hjelp og råd til produkt- og forretningsutvikling, seier ho. 

Viktig med nettverk

For Skeide var det viktig å kome inn i eit nettverk og eit program saman med andre gründerar, for det kan vere ein einsam prosess å vere entreprenør, særleg i ei krise. -Eg er jo så heldig at eg driv saman med mannen min, men ein føler seg likevel einsam, fordi du står med alle utfordringane sjølv. Derfor har det vore fint å møte dei andre gründerane i programmet. Vi har jo mange av dei same utfordringane og bekymringane, seier ho.

To nye grupper, men få ledige plassar

Kursprogrammet i forretningsutvikling er eit intensivt program som går over seksten arbeidsdagar. Det består av åtte leksjoner/samlingar på enten 60 eller 90 minutt. Mellom samlingane får gründerane individuell rådgiving. Programmet er gratis. Måndag 20. april og tysdag 21. april startar to nye kursprogram, eitt på dagtid og eitt på kveldstid. Men vil du vere med, må du vere rask.

-Vi har nokre få ledige plassar på dagtid, og nokre få ledige plassar på kveldstid, seier rådgivar i Møre og Rosmdal fylkeskommune, May-Britt Roald. -Vi opplever auka interesse for utviklingsprogrammet. Vi ser også at gründerane som møter kvarandre gjennom programmet får eit spesielt godt samhald og bygger nettverk, særleg no under nedstenginga på grunn av korona-situasjonen, seier ho.

Førstehjelp for gründerar

Behovet for hjelp og sparring akutt, seier grunnleggar og partner i Entreprenerdy, Yngve Dahle. - Akkurat no er det livsverket som står på spel, så gründerane er motiverte til å bruke verktøy som kan hjelpe dei å handtere ei krise av slike dimensjonar. Og no er eit godt tidspunkt for mange til å tenke gjennom forretningsmodellen, seier Dahle.

Kontakt