Få plassar igjen på gründerkursa i vår
-Svært mange startar bedrift for tida. Det er lurt å vere tidleg ute med å melde seg på kurs, seier rådgivar May-Britt Roald.
Då pandemien kom begynte gründertenesta hoppid.no med digitale kursprogram. Dette har blitt svært godt mottatt av gründerane. Kursprogramma går over fleire dagar med online-samlingar, enten dagtid eller ettermiddag/kveld. Kursprogramma er gratis og tilbakemeldingane frå tidlegare kursdeltakarar er svært gode.
I mars startar to nye kursprogram, og begge er fulle. -Vi kan kanskje skvise inn ein eller to til, så vi oppmodar folk som skal starte bedrift om å ta kontakt. Ellers er det ledig i april, seier Roald.
Ta kontakt, bruk plattforma
Roald minner om at rådgivarane i hoppid-systemet står klar til å svare på spørsmål eller vere sparringspart for gründerane.
-Du kan også logge deg inn på plattforma der du kan arbeide vidare med forretningsideen din i fred og ro, og så ta kontakt med ein rådgivar så snart du er klar for det, seier ho.