Får EU-støtte til å prøve ut nye gründer-tilbod

Gjennom fylkeskommunens internasjonale prosjektarbeid har gründerar i Møre og Romsdal og andre europeiske regionar fått eit betre tilbod. No vil EU støtte to nye gründer-tiltak.

Skriv ut

Prosjektet One Stop Shop (OSS) har sidan 2018 arbeidd med å styrke konkurranseevna for små og mellomstore bedrifter. I Noreg har dette blant anna resultert i at gründertenesta hoppid.no har blitt digital. Ved å logge seg inn på eit lukka område, får gründeren tilgang på alt han/ho treng av planleggingsverktøy, introduksjonsvideoar og liknande. Her har gründeren også dialog med ein lokal bedriftsrådgivar som kan bransjen.

-Denne måten å drive gründerhjelp på har blitt lagt merke til i EU. Dei ser overføringsverdien til dei andre landa og regionane, seier prosjektleiar Malene Aaram Vike.

To nye prosjekt  

OSS-prosjektet får derfor midlar til å prøve ut to nye gründertiltak. I det eine prosjektet skal ein prøve ut ei mentor-ordning for gründerar i grupper. Det andre prosjektet handlar om å finansiere og rettleie sosial entreprenørskap ved bruk a folkefinansiering og mentorar. Det første delprosjektet blir leia av Møre og Romsdal fylkeskommune, det andre blir leia frå partnarlandet Polen.

-For hoppid.no er tanken at rådgivarane skal lære seg å legge til rette for grupper og etablere eit permanent mentortilbod til dei som ønskjer å starte bedrift, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune May-Britt Roald.

Europa må bli betre på gründerskap

Bakgrunnen for at EU ønskjer å støtte slike initiativ som OSS, er den relativt låge delen nystarta bedrifter i Europa samanlikna med USA og fleire land i Asia. Europa treng fleire attraktive arbeidsplassar. Dette er særleg kritisk for mange regionar som opplever at ungdom flyttar ut. OSS-prosjektet har som mål å forbetre vilkåra for små og mellomstore bedrifter, utvikle gründerferdigheiter og hjelp til å identifisere og overvinne barrierer. Engasjement og vilje til å investere i langsiktig politikk er viktig for å auka tale og kvaliteten på gründerverksemda i regionane.

Snarvegar

Kontakt