Flyktningstjenesten styrker gründerkompetansen

Flyktningtjenesten i Molde kommune er på kurs saman med andre hoppid-rådgivarar for skaffe seg meir kompetane om gründerskap. – Veldig kjekt og inspirerande, seier dei.

Skriv ut

hoppid.no har inngått samarbeid med Flyktningstjenesten i Molde kommune om å utvikle eit kurs tilpassa innvandrar som ønskjer å starte eigen bedrift. Hausten 2019 blir det arrangert to samlingsbaserte kurs, eitt i Molde og eitt i Kristiansund. No pågår rekrutteringsarbeid for å skaffe deltakarar. -Det har begynt å komme påmeldingar, og vi har fleire som er interessert.

Gründererfaring i bagasjen

-Mange av dei vi møter har erfaring frå å drive sjølv. Det er snikkarar, skreddarar og folk som har drive restaurant, parfymeri og eventbyrå. Den største utfordringa for flyktningar og innvandrarar som ønskjer å starte verksemd i Noreg, er å få tak i informasjon om ulike tenester og nettverk. Språket kan også vere ei utfordring.

Inviterer til informasjonskveld

-Kurset Starte bedrift i Noreg er for alle innvandrarar, ikkje berre flyktningar, presiserer May-Britt Roald, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune og ansvarleg for hoppid.no.

-Det blir informasjonskveld om kurset måndag 23. september i Molde (Molde vgs) kl. 18, og 24. september i Kristiansund (Vindel, Fosnagata 13), kl. 18.

Håpar andre kommunar kopierer modellen

Møtet med gründertenesta hoppid.no har vore udelt positivt, seier representantane frå Flyktningtjenesten Molde kommune.

-Vi håpar flyktningtenester i andre kommunar kopierer denne modellen og arrangerer kurs andre stadar i fylket.

Meir informasjon om kurset og påmelding finn du her:

Starte bedrift i Noreg (Molde)

Starte bedrift i Noreg (Kristiansund)

Dokumenter

Kontakt