Gratis nettbasert kurs i reinhald

Ventar du ferie- og fritidsgjestar? Bli god på effektive vaskerutiner. Kurset passar spesielt for handels- og reiselivsbedrifter.

Skriv ut

Utviklingsselskapet i Rauma, Nordveggen AS arrangerer 9. og 10. juni kurs i rett bruk av utstyr og gode rutiner for effektiv vask/reinhald. Kurset er ope for alle bransjar, men er spesielt aktuelt for handel- og reiselivsbedrifter. 

Det er begrensa tal plassar. Personar som er heilt eller delvis permitterte har prioritet, men også tilsette i jobb kan melde seg på. Deltaking er gratis.

Prosjektet har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom BIO 2-ordninga (bedriftsintern opplæring). Formålet med ordninga er å støtte bedrifter som vil bruke opplæring som tiltak for å kunne stå betre rusta når koronaepidemien er over.

Meir informasjon og påmelding: www.nordveggen.no for meir informasjon og påmelding. .