Har du ein forretningsidé?
No kan du utvikle ideen din gjennom det nettbaserte grünerprogrammet hoppid.no Oppstart.
hoppid.no Oppstart er eit nettbasert kursprogram som går over 3 veker med 10 samlingar. Du utvklar forretningsideen din og får oppfølging frå ein hoppid.no-rådgivar.
Kven passar programmet for?
Programmet passar for deg som har ein forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.
I løpet av programmet får du:
- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M
- presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar
- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane
- eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål.
Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet dit.
Nye startdatoar for våren 2023:
09. januar 2023 kl. 09:00
01. februar 2023 kl. 09:00
06. mars 2023 kl. 09:00