Haustens gründerkurs er lagt ut!

Vi køyrer på med dei populære online kursprogamma i forretningsutvikling. Eit kurs består av ni online-samlingar, og det er plass til 10 deltakarar på kvart kurs.

Skriv ut

Programma passar for deg som skal starte eller nyleg har starta bedrift. Dei passar særleg for gründerar som har fått ein bråstopp i forbindelse med koronasituasjonen og treng å tenke nytt for å kunne drive bedrifta vidare.

Kursprogramma er gratis.

Det er åtte kursprogram som er lagt ut. Fire av dei går på dagtid, fire på ettermiddag/kveld.

Sjekk kurskalenderen og meld deg på.

hoppid.no har arrangert fleire slike kurs sidan mars, og tilbakemeldingane frå deltakarane er gode. Her kan du høyre kva kursdeltakar Ingvild D. Storeng meiner om kurset.

 

Kontakt