hoppid.no blir tema på Europa-konferanse

hoppid.no skal vise andre regionar i Europa korleis ei døgnopen offentlege gründerteneste kan få fleire til å starte eigen bedrift.

Skriv ut

Den store konferansen European Week of Regions and Cities (#EURegionsWeek) i Brüssel er staden å vere for den som er interessert i regionalpolitikk og bypolitikk. Rådgivar i fylkeskommunen, Malene Aaram Vike, er hyra inn til å halde innlegget «Digital tool for supporting start-ups». Vike er prosjektleiar for to prosjekt: Interreg prosjektet One Stop Shop (OSS) og eit digitaliseringsprosjekt for gründertenesta hoppid.no. 

-hoppid.no har blitt eit digitalt verktøy som gründerane i vår region har tilgang til heile døgnet. Dei kan bruke verktøyet til å utvikle forretningsideen sin, booke møte og kommunisere med hoppid.no-rådgivar, skrive forretningsplan og mykje meir. Dette verktøyet er det vi skal snakke om på konferansen i Brüssel, seier Vike.  

Møre og Romsdal synlege i Europa 

EURegionsWeek trekker fleire tusen deltakarar kvart år. 
-Det er første gong Møre og Romsdal fylkeskommune er med på denne delen av programmet til EURegionsWeek. Eit skikkeleg klapp på skuldra, seier teamleiar for forsking, innovasjon og entreprenørskap, Kristoffer Jenssen. Jenssen stiller som moderator i Brüssel. 

Kven bør delta og korleis? 

-Poenget med konferansen er å diskutere felles utfordringar for europeiske regionar og byar, og å utveksle idear og løysingar. Tema i år er «Grønt Europa», «samhald og samarbeid»  og «innbyggarinvolvering». Derfor er konferansen aktuell for både politikarar og administrasjon i kommunar og fylkeskommunar, innovasjonsmiljø og akademia, for å nemne nokre. Innbyggarar som er opptatt av framtidas Europa er også velkomne til å delta, seier Vike. 

Konferansen går over tre veker, og det blir også mogleg å følgje innlegga digitalt. 
Påmeldinga opnar 27. august. Les meir på https://europa.eu/regions-and-cities/_en

Oppdatering 26.8.2020: beredskapsleiinga i Brüssel har bestemt at alle arrangementa på #EURegionsWeek 2020 skal gå digitalt 
 

Kontakt