hoppid.no har fornya partnarskapsavtalen med Molde

Molde kommune og hoppid.no har inngått avtale om å tilby gründerhjelp i heile kommunen.  Avtalen gjeld dei neste fire åra. 

Skriv ut

-Molde kommune skal vere ein aktiv tilrettelegger og rådgivar for næringsverksemd, nyskaping og omstilling. hoppid.no er eit lågterskeltilbod for gründerar i heile kommunen, seier ordførar i Molde, Torgeir Dahl. 

Kommunen vidarefører samarbeidet med Protomore og Nesset vekst, som no blir kommunens hoppid.no-kontor.

-Vi er glade for å kunne tilby gründerteneste i heile den langstrakte kommunen vår, med kontor både i Eidsvågen og på Midsund, i tillegg til på Molde Campus. Med ein slik struktur vil gründerar få lett tilgang til god kompetanse og et sterkt regionalt og nasjonalt nettverk, seier Finn Amundsen i Protomore.

-Alle som vil startebedrift er velkommen til å ta kontakt med hoppid.no. Her får du gratis råd og rettleiing samt tilbod om kurs, nettverk og møteplassar, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, May-Britt Roald. 

Kontakt