hoppid.no med gratis forretningsutviklingsprogram for entreprenørar

hoppid.no tilbyr no eit gratis 16-dagars program i forretningsutvikling for gründerar som ser etter nye måtar å tene pengar på. Kurset startar allereie tysdag 31. mars, så her må gründerane vere raske.

Skriv ut

-Mange gründerar har fått livet snudd opp-ned i denne korona-krisa. Vi tilbyr no eit program i forretningsutvikling for entreprenørar og leiarar av små bedrifter som er på jakt etter rask omstilling for å kunne få til vidare drift, seier rådgivar May-Britt Roald.

Deltakarane kan kome frå heile Møre og Romsdal. 

Programmet er basert på moderne entreprenørskapsmetodikk. Det går over 16 dagar og består av 8 online samlingar og individuell rådgiving, både faglege råd og råd for å takle situasjonen du som gründer står i. Deltakarane vil kunne stille spørsmål, diskutere og dele erfaring med andre i same situasjon.

Førstemann til mølla

-Vi har plass til åtte gründerar i programmet, men ved stor interesse, vil vi starte to opp med ei gruppe til.

Dersom dette er noko for deg, kan du gå inn på kalenderen og melde deg på. Der står også fleire detaljar om kurset.

Det er hoppid.no kontoret i Molde (ProtoMore) som er arrangør, og Entreprenerdy som er fagleg ansvarleg.

 

Kontakt