hoppid.no Oppstart - nye gründerprogram lagt ut

hoppid.no Oppstart er eit program som går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Det er tre slike program som no er lagt ut, og alle begynner før sommaren. 

Skriv ut

I løpet av programmet arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfølging frå ein hoppid.no-rådgivar. 

Kven passar det for?

Programmet passar for deg som har ein forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.

I løpet av programmet får du:
- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M 
- presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar 
- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane 
- eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål. 

Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet dit

Startdato for programma: 

4. april 2022 kl. 9.00 (datoane for dei ti samlingar er lagt ut i kursportalen)

2. mai 2022 kl. 9.00 (dato for samlingane kjem seinare)

30. mai 2022 kl. 9.00 (dato for samlingane kjem seinare)

Gå inn på kursportalen og søk om å melde deg på. 

Kontakt