Innovasjonsfestivalen: billettsalet har starta

12. - 14. november går Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes av stabelen. Sjekk programmet og sikre deg billettar no. 

Skriv ut

Innovasjonsfestivalen er ein populær møteplass for både nytt og etablert næringsliv. Det er utviklingsselskapet i Rauma, Nordveggen AS, som arrangerer festivalen, med eit arrangørteam frå heile fylket. Frå Møre og Romsdal fylkeskommunen er det gründertenesta hoppid.no som representerer.

Variert program

Årets program har både lokale, nasjonale og internasjonale innleiarar. Festivalsjef Ane Marte Almås Hammerø trekker fram gründeren Aiman Shaqura, som har gått frå å pusse sko og pante flasker til å omsette for over 100 millionar kroner, og rebell og gründer av Hultsfredsfestivalen i Sverige, Putte Svensson.

Årets tema er Smartere sammen

Næringslivet i Møre og Romsdal består av mange bedrifter under 50 ansatte. Skal desse overleve og utvikle seg i ei verd der rammebetingelsar og marknad endrar seg i rekordfart, er samarbeid nøkkelen, sier ass. regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Eivind Vardal Ryste.

-Mottoet til festivalen er at idear oppstår når folk møtest på tvers av bransjar og andre skillelinjer. Det trur vi på.

Festivalstemning

Kunstutstilling, ruslemøte, festivalpub og andre møte- og mingleplassar bidrar til å skape god festivalstemning.