Kommunane har fått påfyll av gründermidlar

Rett før korona-krisa for alvor slo inn over oss, vedtok fylkespolitikarane å fordele 3 mill. kroner i hoppid.no-midlar til kommunane. Desse midlane skal brukast til å avklare om ein forretningsidé er liv laga.

Skriv ut

Midlane skal nyttast til aktivitetar som kan avklare organisering, marknadspotensial, lønsemd, og andre spørsmål som kan avgjere vegval og framdrift for bedriftsetableringa. Det er hoppid.no-kontora i kommunane som forvaltar midlane og som gjer vedtak. Kontora kan støtte kvar forretningsidé med inntil 30 000 kroner.

-Til gründerar som ønskjer å starte eigen bedrift, bruk gründerplattforma og kom i kontakt med ein hoppid.no-rådgivar, seier May-Britt Roald.  Her får du gratis råd og rettleiing til korleis du kan utvikle bedrifta di. Her kan du også søke om avklaringsmidlar.

I møte 10. mars vedtok kultur, næring og folkehelseutvalet følgande fordeling av hoppid.no-midlar for 2020:

 Kommune, sortert etter innbyggartal Tildeling 2020
Ålesund273 247
Molde182 367
Kristiansund220 564
Fræna107 917
Ørsta112 492
Haram0
Volda105 307
Sula105 627
Herøy154 138
Ulstein0
Giske0
Sykkylven98 641
Rauma97 906
Sunndal96 257
Vestnes93 789
Surnadal91 158
Averøy90 816
Hareid50 000
Skodje86 120
Stranda85 258
Aure80 878
Aukra80 818
Eide80 359
Vanylven79 190
Tingvoll78 680
Nesset78 294
Sande126 290
Ørskog0
Smøla124 736
Midsund0
Norddal72 620
Sandøy0
Stordal69 599
  
Sum3 000 000

 

Kontakt