Kurs for innvandrarar som vil starte bedrift

Tysdag 2. september startar eit kurs for flyktningar, arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar som vil starte og drive bedrift i Møre og Romsdal. Kurset er eit samarbeid mellom flyktningtenesta i Molde kommune og hoppid.no.

Skriv ut

Mange innvandrarar i Noreg har eit ønske om å starte bedrift, og mange har også erfaring frå dette i heimlandet. Kurset "Inspiring StartUps" tek opp tema som norsk forretningskultur og norsk marknad, kapital, nettverk, byråkrati og språk. Bedriftsbesøk og utvikling av forretningsidé står også på agendaen.

Kurset går over 100 timar, fordelt på 1-2 samlingar i veka. Klikk på lenka under for påmelding:  

https://mrfylke.no/hoppid.no/kalender-hoppid.no/starte-bedrift-for-innvandrere

Kontakt