Med starthjelp i baklomma

hoppid.no har lansert første versjon av ei digital gründerteneste som skal gjere det enklare å starte bedrift. Tilbakemeldingane frå brukarane er lovande, og i løpet av hausten 2019 blir tenesta open for alle.

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune v/hoppid.no jobbar saman med LEAN Business om å utvikle ei digital løysning for gründerhjelpa i Møre og Romsdal.

-Målet er å få ei betre og meir tilgjengelig teneste som ikkje er avhengig av kvar i fylket ein bor. Søke midlar, finne gründertips, booke møte og kommunisere med ein hoppid.no-rådgivar er nokre av funksjonane som er under utvikling, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Malene Aaram Vike.

Rådgivarane tilbake til skolebenken

Det er i alt 36 hoppid.no-kontor og om lag 40 gründer-rådgivarar i Møre og Romsdal. 12 av desse har no fått opplæring i korleis dei skal bruke det nye verktøyet, og resten skal på skolebenken etter sommaren. Felles kunnskap om kva entreprenørskap faktisk er inngår også i opplæringa. Forsking viser nemleg at det er fleire fellesnemnarar blant gründerane enn mange trur.

-Det er ein fordel for gründerane at vi rådgivarar har same kunnskap og brukar det same verktøyet. Da speler det inga rolle om han eller ho går inn døra hos oss her i Rauma eller døra til hoppid.no-kontoret i Stranda, seier hoppid.no-rådgivar ved Nordveggen i Rauma, Ane Marte Almås Hammerø (nr. 2 frå venstre på bildet).

Utvikling gjennom bruk

Utviklingsarbeidet pågår for fullt, og mange funksjonar er alt på plass, mellom anna forretningsplan. Fleire funksjonar er på trappene, slik som å rapportere aktivitet og melde seg på gründerkurs. -Vi ønskjer å få til noko som svarar på behova til både gründerane og rådgivarane. Derfor skjer også utviklinga saman med dei, seier Vike.

Lansering av fullversjon til hausten

Sjølv om enkelte gründerar og enkelte hoppid.no-kontor alt har tatt i bruk den digitale gründervegen, vil ikkje verktøyet vere klart til bruk før utpå hausten. Då blir den også opna for alle.