Nyttig erfaringsutveksling mellom europeiske regionar
Regionen Catalonia i Spania ser til Møre og Romsdal når dei skal utvikle tenester og tilbod til gründerar.
-Det er spesielt to ting Møre og Romsdal har som blir lagt merke til ute i Europa; «ei dør inn»-strukturen i gründertenesta hoppid.no med partnarskapsavtalen, og at gründerhjelpa er digital, seier Malene Aaram Vike. Vike er headhunta som ekspert når myndigheitene i Catalonia skal etablere ny politikk for offentlege gründertenester.
Møre og Romsdal fylkeskommune er kjent i EU-systemet gjennom leiinga av Interreg Europe- prosjektet OSS- One Stop Shop. Etter eit foredrag i Brüssel rett før jul om korleis Møre og Romsdal har bygd opp den offentlege gründertenesta, inviterte Interreg fylkeskommunen til å vere med i det som kallast Peer Review. Ein Peer Review er når ein region søker eksperthjelp frå andre regionar i Europa om spesifikke tema.
Felles problemstillingar
I løpet av fire online samlingar møttest ekspertar frå Frankrike, Storbritannia, Litauen, Finland og Noreg for å drøfte problemstillingar rundt oppstart av bedrift, korleis tiltrekke seg og halde på gründertalent, alternative finansieringsmodellar og digitale verktøy.
-Peer Review er svært nyttig for oss. Vi får innsikt i korleis andre regionar i Europa arbeider med gründerskap. I tillegg får vi nye kontaktar og nettverk som vil vere viktige for korleis vi utviklar våre eigne tenester, seier Vike.