Populært med gründerkurs på kveldstid

-Vi vil gjerne legge til rette for folk som er i full jobb, seier hoppid.no kontakt i Rauma, Ane Marte Almås Hammerø.

Skriv ut

Det tradisjonelle hoppid.no kurset «Starte bedrift - skal, skal ikkje» er eit heildagskurs for folk som går med planar om å starte bedrift. No har hoppid.no kontoret i Rauma prøvd ut ein kortvariant som dei har kalla «introduksjonskurs».

Gode tilbakemeldingar

Kurset gjekk på ettermiddag/kveld, og det var lagt opp til ei blanding av teori og praksis. Det møtte 14 deltakarar, og tilbakemeldingane var gode. -På nokre korte ettermiddagstimar kom vi oss gjennom tre viktige steg. Kursdeltakarane sat att med konkrete innspel på korleis dei kan jobbe vidare med ideen sin, seier hoppid.no-rådgivar i Rauma, Ane Marte Almås Hammerø.

Digital plattform 

hoppid.no har utvikla ei digital plattform med ei rekke verktøy som gründeren kan bruke, heilt gratis. I løpet av kurset fekk deltakarane praktisk rettleiing i korleis dei kunne bruke under verktøy og plattforma. Dersom du har lyst til å prøve, logg deg inn her. Det er gratis.

Det kjem fleire introduksjons

-Vårt mål er å få fleire og betre gründerar, og vi tar med oss dei positive erfaringane frå Rauma når vi skal planlegge kurstilboda framover, seier rådgivar May-Britt Roald. Følg med på kurskalenderen til hoppid.no

Kontakt