Utlysing: Garden som ressurs

Søk inntil 100 000 kroner til å utvikle nettverk og samarbeid mellom aktørar innan lokal mat, landbruksbasert reiseliv og kultur.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å auke den lokale verdiskapinga i landbruket og på bygdene i Møre og Romsdal. Samarbeidet mellom aktørar må formaliserast gjennom eit nettverk der medlemmane i nettverket skal bidra til sal av produkt og tenester.

Ordninga er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune ved gründertenesta hoppid.no. hoppid.no har kontor for kvar kommune i fylket, med ein hoppid.no-kontakt som rådgir den som ønsker å starte bedrift.

Søknaden til Garden som ressurs skal utarbeidast saman med hoppid.no-kontakten og landbrukskontakten i kommunen, og det er hoppid.no-kontakten som søker på vegner av nettverka.

Les heile utlysingsteksten her.

Kontakt