Vårens gründerkurs er lagt ut

Vurderer du å starte bedrift? Eller treng du gode råd til korleis du kan utvikle bedrifta di?  

Skriv ut

Vårens gründerkurs er no lagt ut. Her finn du kurs tilpassa den fasen du er i: 

Kurs: Skal, skal ikkje? 

Kurset gir innsikt i kva som skal til for å starte bedrift, både personleg og formelt. Kurset vektlegg korleis du heilt frå starten kan snakke med kundar for å lære kva dei syns om ideen din, og korleis du kan vidareutvikle ideen din for å avklare om du skal starte bedrift. 

Kurs: Forretningsutvikling

Kurset gir deg kunnskap og verktøy som du kan bruke for å bygge ei lønsam bedrift i tråd med moderne ‘lean’ entreprenørskapsteori: utvikle forretninga  trinn for trinn i samspel med kunden. Teste ut løysingar på kundane undervegs, lære av tilbakemeldingar, tilpasse forretningsideen og teste på nytt. Kurset passar for deg som driv ei bedrift og som har ambisjonar om å skape vekst.

Nyheit: tre-timars introduksjonskurs

I løpet av dette korte kurset får du svar på: 

  • Kven kan hjelpe meg, og korleis? 
  • Kva må eg sjølv gjere? 
  • Korleis kome i gang, og kor bør eg starte? 
  • Kva vil det kreve av meg å vere entreprenør og satse på min eigen idé?

hoppid.no har kurs over heile fylket, sjekk kurskalenderen og finn eit kurs som passar for deg. 

Kontakt