Vil at fleire innvandrarar startar eigen bedrift

hoppid.no arrangerer kurs for innvandrarar som ønsker å starte bedrift i samarbeid med Flyktningtjenesten i Molde kommune og Skatt Midt-Norge.

Skriv ut

Mange innvandrarar har både erfaring og kvalifikasjonane som skal til for å drive eigen bedrift. Men ikkje alle har kunnskapen om regelverket og krava i Noreg, eller kvar dei kan få hjelp til å utvikle ei lønnsom bedrift. hoppid.no, Møre og Romsdal si etablerarteneste, kjører derfor kurs både i Kristiansund og i Molde til hausten.  

Gründerbakgrunn

- Vi ønsker å bidra til at innvandrarar kan skape sin eigen arbeidsplass, til at dei får brukt ressursane sine og finn seg til rette i lokalsamfunnet. Mange innvandrarar har ei utdanning og ein kompetanse som dei ikkje får brukt når dei buset seg i Noreg. Fleire har også gründererfaring i bagasjen. Eit kurs kan hjelpe dei eit stykke på veg, seier Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er første gong hoppid.no samarbeider med Flyktningtjenesten om etablerarkurs.

- Vi opplever at gründerar med innvandrarbakgrunn ofte har andre utfordringar enn norske gründerar og at dei gjerne treng ei tettare oppfølging. Det er få som kjenner målgruppa like godt som Flyktningtjenesta, og vi er glade for å ha ein samarbeidspartnar som er tett på, seier Landstad.

Skal lære norsk forretningsskikk

Kurset går over seks samlingar der følgande tema blir gått gjennom: 

  • Starte bedrift - forkurs
  • Norsk forretningsskikk
  • Skatt, mva og rekneskap
  • Forretningsidé
  • Frå oppstart til lønnsom bedrift - del 1
  • Frå oppstart til lønnsom bedrift - del 2

I løpet av kurset vil deltakarane få rettleiing, tilbod om fadder eller kontaktperson. 
For å delta på kurset må deltakarane kunne norsk. 
Kurset kostar 1000 kroner for alle seks samlingane. Måltid og kursmateriell er inkludert. 
Kurset er eit samarbeid mellom hoppid.no, Flyktningstjenesten Molde kommune og Skatt Midt-Norge og er støtta av IMDi.

Påmelding: 
Starte bedrift i Norge - Kristiansund, kursstart 15. oktober 2019
Starte bedrift i Norge - Molde, kursstart 16. oktober 2019