Volda har fornya partnarskapsavtalen med hoppid.no for fire nye år

-Eg er stolt over kva vi  har fått til i Volda. Å legge til rette for entreprenørskap og gründerskap er viktig for å bygge samfunnet, etablere arbeidsplassar og et attraktiv Volda der folk vil leve og bu, seier ordførar Sølvi Dimmen.

Skriv ut

I Volda er hoppid-kontoret lagt til Sunnmøre Kulturnæringshage. Her får ein gratis råd og rettleiing samt tilbod om kurs med tilgang til nettverk og møteplassar.

-Det at hoppid.no kontoret er lagt til Sunnmøre Kulturnæringshage styrkar koplinga mellom kreative næringar og næringsliv i regionen, seier Martin Foldal på hoppid.no kontoret i Volda. 

Gründerfylket

hoppid.no er Møre og Romsdals reiskap for nyetableringar og gründerskap. Målet med hoppid.no er å skape nye og levedyktige bedrifter, bidra til auka mangfald i arbeidslivet, auka verdiskaping og å styrke Møre og Romsdal som gründerfylke.

Kontakt