Logoen til hoppid.no skal brukast i marknadsføring av hoppid.no-kurs og til trykk og publikasjonar. Form, fargar og proporsjon må ikkje endrast. Det er viktig at logoen får nok plass, og at det er nok luft rundt logoen.
Logoar i JPG finn du her. Trykk 300 dpi og skjerm 72 dpi.
Logoar i PNG finn du her. Trykk 300 dpi og skjerm 72 dpi.
Logo i eps-format (trykkoriginal) kan berre lesast av programvare for grafisk produksjon, som Adobe InDesign, Adobe Illustrator eller liknande.
Her finn du eventbanner som er forhåndstilpassa arrangement på facebook. Klikk på bilda for å laste ned. Alle bilda er i jpg-format. I kolonna til høgre har vi sett opp forslag til kva kurs bildet kan illustrere.
Dersom du skal opprette eit facebook-arrangement for eit hoppid-kurs, kan du legge inn eitt av illustrasjonsbilda som du finn på denne sida.
Desse bilda er laga slik at du kan legge til eigen logo.
Dersom du vel å bruke eit eige bilde med eigen logo, ber vi om at du legg hoppid.no logoen på også. Du finn hoppid-logo i ulike format på denne sida.
Dersom det er du eller din organisasjon som oppretter arrangementet, er det viktig at du legg inn hoppid.no som medarrangør.
Rull deg lenger ned på sida og finn feltet som heiter medarrangør. Der legg du inn hoppid.no.