Digital workshop 2 for Ørsta vidaregåande skole

11/06 2020 14:00 - 16:00
Digitalt, via Teams
Skriv ut

Vi ønsker at den nye Ørsta vidaregåande skule skal bidra til ei positiv utvikling for Ørsta sentrum og for heile kommunen. Vi ønsker at fleire brukar den vidaregåande skulen.

I den første workshopen kom det fram at innbyggarane ønsker eit kompetanse og kultursenter. Vi ser på korleis kan vi utvikle dette.

Då treng vi innspel frå innbyggarane og dei som skal bruke bygget:

  • Korleis kan alle dei som skal bruke bygget og området få til best mogeleg fellesbruk? Og korleis kan vi skape aktivitet heile dagen og kvelden? Korleis skaper gode ringverknader for Ørsta?

Vi inviterer alle innbyggarar til å kome med innspel på workshop om sambruk og synergiar for Ørsta.

Tema

  • Velkomen
  • Vi ser på resultata frå den første workshopen: Dette ønsker innbyggarane at den nye skulen skal vere for Ørsta.
  • Effektmål: Kva effektar ser vi for oss at prosjektet skal gi for Ørsta?
  • Synergi og sambruk: Kva kan eit godt samarbeid mellom dei som skal bruke bygget gi oss?
  • Gruppearbeid del 1
  • Pause: lett beinstrekk
  • Gruppearbeid del 2
  • Avslutning

Kva treng du av teknisk utstyr?

Møtedeltakarane treng ein PC som er tilkopla nett, og som har mikrofon og webkamera. Sjå dokument med praktisk informasjon lenger nede på sida.

Korleis melder du deg på?

Dei som vil delta på workshopen, skal sende mail til ingvild.Nistad@mrfylke.no, og akseptere møteinnkallingane som dei tar i mot.

Kontakt