Digital workshop for Ørsta vidaregåande skole

6/05 2020 14:00 - 16:30
Digitalt, via Teams
Skriv ut

Har du tankar om korleis nye Ørsta vidaregåande skole og området kan brukast? Korleis kan bygget gi ein meirverdi for Ørsta? Bli med på workshop.

Sidan workshopen som var planlagt i mars vart avlyst på grunn koronaepidemien, inviterer no fylkeskommunen til digital workshop.

TID: 6. mai kl. 14

STAD: møta vert køyrt digitalt, på TEAMS.

TEMA: Moglegheiter og effektar for Ørsta

Målet med worskhopen er å få innspel om kva bygget og området kan brukast til, for at  nye Ørsta vidaregåande skole skal gi gevinstar for og meirverdi for heile Ørstasamfunnet.

Prosjektet  er i ein såkalla open fase og vi ønsker innspel frå innbyggarane i Ørsta som skal bruke bygget og området.

Målgruppe for workshop:

Alle som kan sjå for seg å bruke bygget eller området, eller som har nyttig kompetanse, eller vil bidra med idear, er hjartelag velkomne. Uavhengig eller avhengig av alder, livsfase, helse.

Det kan vere aktørar eller bedrifter som ønsker å bruke bygget, og som ser for korleis dei kan skape nye aktivitetar. Areala i skolebygget har mykje ledig tid utover skoletida, og vi ønsker at fleire skal bruke desse.

Program:

Workshopane er delt i tre, med to plenumsmøte og eit gruppemøte.

Plenumsmøte:

I plenumsmøtet blir det fleire innlegg:

  • ‘Framtid og bærekraft’, Anne-Lise Sagen Major, Framtidsnavigatør i Nye Ålesund kommune.
  • ‘Ørsta kommune inni framtida’, Eldar Øye, ass kommunedirektør i Ørsta kommune.
  • ‘Vår marknad, Våre næringar – moglegheiter og truslar’, Odd Magne Vinjevoll, dagleg leiar i Ørsta Næringskontor.
  • ‘Ambisjonar for prosjektet’. Per Olaf Skuseth Brækkan, Bygg og - eigedomssjef i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Vi tilbyr teknisk hjelp:

Plenumsmøta vil foregå i Teams, og til gruppearbeidet vil vi bruke den digitale tavla Trello.

Vi vil tilby opplæring i dei digitale verktøya som skal brukast. Dei som melder seg på vil få rettleiing i møteinnkallingane som dei mottar på mail. I tillegg vil vi filme plenumsmøte i workshopen. Dette opptaket vil bli lagt ut på Ørsta kommune sine nettsider, og det vil mogleg å  gi innspel på dette i etterkant.

Sjå praktisk informasjon

Kva treng du av teknisk utstyr?

Møtedeltakarane treng ein PC som er tilkopla nett, og som har mikrofon og webkamera. Sjå dokument med praktisk informasjon lenger nede på sida.

Korleis melder du deg på?

Dei som vil delta på workshopen, skal sende mail til ingvild.Nistad@mrfylke.no, og akseptere møteinnkallingane som dei tar i mot.

Ein ny workshop vil bli arrangert den 11. juni.

Dokumenter