Hospitering i vidaregåande skolar for elevar på 10. trinn i grunnskolen
Alle elevar på 10. trinn i ungdomsskolen og andre søkarar til vidaregåande opplæring inviteres til hospitering i vidaregåande skole i november.
Hospitering skjer i løpet av veke 46 og 47.
Kontaktpersonar i ungdomsskolane blir invitert til informasjonsmøte i begynnelsen av september.
Påmelding kjem etter informasjonsmøta.
Sidan 2008 har dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal teke imot elevane på 10. trinn i grunnskolen til hospitering. Dette tiltaket vart sett i gang i samband med innføringa av faget utdanningsval. Med fagfornyelsen er ny læreplan for faget gjeldande for heile ungdomstrinnet frå 1. august 2021.
Eit kjerneelement i læreplanen er karrierekompetanse.
I læreplanen står det: «Å utvikle karrierekompetanse handler om å forstå og utvikle seg selv og egen læring, og å utvikle en trygg identitet. Det handler også om å utforske utdanningsmuligheter og arbeidslivet. Dette inkluderer ferdigheter i å kunne samle, analysere og ta i bruk informasjon både om utdanning, arbeid og seg selv. Ferdigheter i å håndtere overgangsfaser i livet og ferdigheter i å ta valg og forstå konsekvenser av valg, skal også være en del av faget. Elevene må oppleve karrierelæringen som helhetlig og relevant».
For å hjelpe grunnskolen med å gi elevane denne kompetansen inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune alle elevane på 10. trinn til hospitering i vidaregåande skole.
Det er utdanningsprogram som er i fokus i hospiteringa, ikkje skolar. Elevane skal difor hospitere på den næraste skolen som har tilboda dei ønskjer. Elevane skal også få tilbod om å hospitere på utdanningsprogram som ligg til skolar utanfor regionen, om tilbodet ikkje finns på nærskolane. Ramma er uansett to utdanningsprogram, fordelt over to dagar.
Aktivitetane vil vere mest mogleg praktisk retta.
Hospiteringa skjer i løpet av veke 46 og 47.
Hospiteringa er gratis. Kommunane må sjølv dekke utgifter til transport.
Fylkeskommunen dekker transporten i samband med karrieredagane.
Kvar ungdomsskole stiller med ein kontaktperson. Denne personen vil vere bindeledd til kompetanseavdelinga i planlegging og gjennomføring.
Kommunane, ved ungdomsskolane, er ansvarlege for elevane gjennom hospiteringa. Dette gjeld både i samband med transport, oppmøte om morgonen, og gjennom heile skoledagen.
Vi oppmodar kommunane til å ha dialog med dei vidaregåande skolane for å sikre at skolane har best mogleg sjanse til å gje alle elevane best mogleg fagleg utbytte og ei oppleving av at skolen er budd til å ta dei imot.
Hospitering – eit tiltak i karriererettleiinga. Å velje vidaregåande opplæring er ein prosess alle elevane skal igjennom. Hospiteringa er eit tiltak i denne prosessen. For å gjere utbyttet av desse to dagane best mogleg, er det ein føresetnad at skolane førebur, gjennomfører og reflekterer saman med elevane.
Elevane må vere kjende med dei ulike utdanningsprogramma og ha arbeidd med å finne ut kva utdanningsprogram dei ønsker å få meir kunnskap om.
Skolane kan bruke ulike verktøy i prosessarbeidet med karriererettleiing. Her er to aktuelle lenker:
https://mrfylke.no/utdanning-og-karriere/raadgiving-og-oppfoelging/raadgiving-og-oppfoelging-i-skole
Kompetanseavdelinga syter for å koordinere planlegginga. Kontaktpersonane i kommunane og skolane vil bli innkalla til førebuande møte i august/september.
Påmeldinga til hospiteringa er elektronisk og kvar elev vel to utdanningsprogram.
Planlegging, logistikk og gjennomføring av hospiteringa er svært ressurs- og arbeidskrevjande for dei vidaregåande skolane. Det er utfordrande å ta imot så mange ungdomsskoleelevar samstundes som ein skal ha god læring for eigne elevar.
Difor er det rett å stille krav om at skolane tek ansvar for at elevane som kjem til hospitering er godt førebudde. Den samla kvaliteten på arbeidet vi gjer i grunnskolen og vidaregåande skole, er avgjerande for om elevane opplever hospiteringa som eit godt tiltak i prosessen med val av vidaregåande opplæring.